BEHOV FOR BIBLIOTEKET: Biblioteksjef ved Årdal bibliotek seier det er behov for biblioteket, men fryktar sjølvsagt for framtida. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BEHOV FOR BIBLIOTEKET: Biblioteksjef ved Årdal bibliotek seier det er behov for biblioteket, men fryktar sjølvsagt for framtida. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Halvparten av oss nyttar folkebiblioteka

I ei gransking som Sentio har gjort for Nationen, svarar halvparten at dei brukar biblioteket der dei bur. Slik er det også i Årdal, fortel biblioteksjef Gry Hatlelid.

Ganske nøyaktig halvparten av oss brukar biblioteket, og dei aller fleste av oss er nøgde med tilbodet. Det er tal som er opplyftande å høyra for biblioteksjefen i Årdal, som kan fortelja at også i Årdal er biblioteket godt brukt.

– Sidan 2010 har me hatt eit besøkstal mellom 40-50 000. Det er jo rimeleg bra. Det er jo det kulturtilbodet i Noreg som er mest brukt, seier ho og smiler når porten.no møter ho.

Rundt ho er det fleire kjende titlar, blant anna boka til Malala Yousafzai, den pakistanske nobelprisvinnaren som nyleg blei tildelt den amerikanske Fridomsmedaljen.

Plass til alle

Hatlelid fortel at den type bøker blir godt lese av årdølene, men det er krim som står øvst på listene.

– Her går det mykje i krim. Det er veldig mange som er glade i det, men det er også ein god del som er glad i biografiar og memoarar. Og så er jo sjølvsagt det som ligg på bestseljarlista populært, held ho fram.

Hatlelid er nøgd med besøkstala i Årdal, men seier det sjølvsagt er plass til fleire. Dessutan må ein ikkje gå på biblioteket for å låna ei bok.

– Det er like mange som berre er her og les aviser og tidsskrifter, eller gjer lekser, studera og jobbar her. Besøket resultera ikkje nødvendigvis i eit utlån, men det er ikkje poenget heller, seier ho.

– Dette skal vera ein møteplass for, der alle har tilgang uansett kven du er. Det er eit lågterskeltilbod. 

Ungdommen les meir

Når ein snakkar om bøker, kan ein nesten ikkje unngå å snakka om ungdommen, som stadig vekk får høyra at dei les for lite. 

– Det byrjar å komma seg. Me byrjar å få ein fin gjeng som les ein del, men det er som i resten av landet at mange, spesielt gutar, fell vekk når dei kjem i ungdomsalderen.

– Men ein må tenkja litt på at dei sluttar ikkje å lesa. Dei les andre ting på nettet. Det er berre det at dei ikkje les den vanlege boka i fysisk format.

– Det er behov for biblioteket

Biblioteksjefen fortel at dei gjer det dei kan for å henga med i tida. På kommunen sine nettsider kan ein blant anna låna e-bøker. Men i ei tid der ein får tak i det meste på mobilen, er det behov for bibliotek?

– Ja, det er det. For det første er det veldig mykje som er digitalisert, og veldig mange føretrekk framleis boka i fysisk format. Eg tenkjer at det handlar om å kombinera fleire platformar. 

– Biblioteka må berre henga med. Det utviklar seg veldig fort. Det er fleire og fleire som les e-bøker, men ofte som eit supplement til vanlege bøker.

Fryktar at biblioteka kan bli lagt ned

Og ein skal ikkje ta biblioteka for gitt. I dag er det til saman 735 folkebibliotek i Noreg, men mange av desse kan forsvinna dersom regjeringas kommunereform blir gjennomført.

Det er noko leiar i Norsk bibliotekforening Mariann Schjeide fryktar, men inntil vidare tek biblioteksjefen i Årdal det med ro.

– No er det såpass store avstandar det er snakk om her, så eg trur det vil sitja eit stykke inne å fjerna biblioteket heilt. Me har ei lov som seier at det skal vera bibliotek i alle kommunar.

– Det er så mykje som kan skje at det må me berre ta som det kjem. Me har eit veldig godt bibliotek her i Årdal.

– Me får sjå kva som skjer.

Til toppen