SER MOT FJORDEN: Ordførar Jan Geir Solheim meiner det ligg eit stort potensiale i å leggja til rette for hamn i Lærdal ettersom sjøen og fjordane kan bli viktigare og viktigare som transportårer. Torsdag skal han og dei andre folkevalde ta stilling til om det skal startast arbeid med reguleringsplan for hamn i Lærdal, eit arbeid administrasjonen meiner det er for tidleg å starta med. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SER MOT FJORDEN: Ordførar Jan Geir Solheim meiner det ligg eit stort potensiale i å leggja til rette for hamn i Lærdal ettersom sjøen og fjordane kan bli viktigare og viktigare som transportårer. Torsdag skal han og dei andre folkevalde ta stilling til om det skal startast arbeid med reguleringsplan for hamn i Lærdal, eit arbeid administrasjonen meiner det er for tidleg å starta med. Foto: Ole Ramshus Sælthun

- Hamn er like viktig som Håbakken

Politikarane i Lærdal skal torsdag ta stilling til om dei skal ta første konkrete steg i retning av eit hamneanlegg i Lærdal. Administrasjonen meiner det er for tidleg.

Lærdal: Førre veke vart det innkalla til ekstraordinært formannskapsmøte for at politikarane skal ta stilling til om det skal startast arbeid med ein reguleringsplan for hamneanlegg i Lærdal. Dette har også kome som tilleggssak i kommunestyremøtet same dag, torsdag.

Ordførar Jan Geir Solheim meiner hamn i Lærdal er svært viktig for utvikling av kommunen.

- Me ser at det er lurt å ha hamn i Lærdal. Det går i retning av at mykje transport skal gå føre seg på sjøen att av miljøomsyn. Hamnesituasjonen her i landet er ganske prekær, hamnene i både Oslo og Bergen er sprengde på kapasitet. Lærdal ligg midt i mellom, og me har E16 som går begge veger - over Filefjell er det dessutan lite trafikk.

Etter førespurnad frå EcoInowaste

Som kjent planlegg Simas å byggja ein pelletsfabrikk i Håbakken og infrastrukturen i desse planane legg opp til at tømmer, som er råstoffet for pelletsen, blir frakta til Lærdal sjøvegen.

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

Les også: Vil byggja ei svær hamn i Erdal

Det går også fram av sakspapira til formannskapet og kommunestyret at det er EcoInowaste AS, selskapet som er skipa for å etablera pelletsfabrikken, som har sendt førespurnad om oppstart av reguleringsplanprosess for etablering av hamneanlegg i Erdal og at administrasjonen vart gjort kjende med ønskjet i møte mellom selskapet og ordførar Solheim 27. januar. 

I sakutgreiinga står det også: "EcoInoWaste AS er avhengig av hamn med lagringsmoglegheiter for å kunne skipe ut pellets ved ein eventuell etablering i Håbakken. Det er aktuelt å nytte same kaiområde til inn- og ut-skiping av tømmer".   

Vidare går det fram at selskapet meiner Erdal er svært godt eigna fordi dei "ynskjer å nytte tomta for gamle steinfabrikken og grushola på andre sida av vegen. Det er behov for pellets-siloar som kan plasserast i grushola."

- Hamn er frittståande viktig

Solheim hevdar likevel arbeidet med å få på plass hamn ikkje berre handlar om å serva pelletsfabrikken med tømmer.

- Hamn er frittståande viktig, like viktig som Håbakken. Me har eit eige hamneprosjekt i regi av Lærdal Næringsutvikling. Og i denne omgangen er det berre snakk om ein reguleringsplan, som er viktig for å halda alle moglegheiter opne. Me har ikkje konkludert kva type hamn det skal bli og kva som skal fraktast. Men me er nøydde til å gjera noko for å skapa meir liv og aktivitet, difor er det viktig å få det opp.

- Men pelletsfabrikken er avhengig av hamn, er den ikkje?

- Det me driv med på Håbakken har aktualisert hamn i stor grad, ja. Og viss det viser seg at pelletsfabrikk på Håbakken er heilt avhengige av hamn, vil me liggja litt i framkant her.

Det går også fram av saksutgreiinga til møta i formannskapet og kommunestyret at dette hastar: "Tiltakshavar ynskjer å få prosjektet inn i tilskotsordninga for tømmerkai-utbygging som vert administrert av Landbruksdirektoratet. Det skal sendast inn ei skisse av utbyggingsprosjektet for tømmerkaia innan 10. april 2017."

Administrasjonen meiner ei rekkje punkt må utgreiast

Rådmannen rår likevel politikarane til å ikkje vedta oppstart av planarbeid i Erdal i denne omgangen. Frå administrasjonen si side blir det streka under at ein stiller seg positiv til etablering av hamneanlegg i Lærdal, men saksutgreiinga tek føre seg ei rekkje punkt som bør arbeidast vidare med før ein startar denne prosessen:

"Administrasjonen meiner likevel at etablering av hamneanlegg er eit stort tiltak, som må vurderast på eit overordna plan, der alternative plasseringar, utformingar, behov og bruk vert utgreidd og vurdert.

Lærdal Næringsutvikling er i gang med eit slikt arbeid, og administrasjonen er av den klare oppfatningen at etablering av eit hamneanlegg i Erdal, må vurderast i ein større samanheng, og i samråd med Lærdal Næringsutvikling sitt utgreiingsarbeid for etablering av hamneanlegg i kommunen".

Konkret spør administrasjonen seg, mellom anna:

  • Er det behov for hamneanlegg i Lærdal? I så fall, kor stort og til kva bruk? Mellomm anna blir det nemnd at kommunen har høve til å ta over den gamle NATO-kaia i Habben og nytta den til inn- og utskiping.
  • Kva er beste plassering av hamn, særskild i høve å unngå store negative konsekvensar for innbyggjarane våre, naturen og reiselivet?
  • Kven som skal eiga og drifte eit slikt hamneanlegg, og om kommunen har behov for ei stor kommunal kai?
  • Om infrastrukturen er tilpassa ein eventuell stor auke i transport, altså om dagens E16, rv. 5 og fylkesvegnettet vil tola den auka belastninga i høve mengda store køyretøy?

Kritiske grunneigarar og naboar

Administrasjonen peikar også på at ei 150 meter lang kai, som EcoInowaste ønskjer, og dei seks pelletssiloane som selskapet ser føre seg å plassera i grushola er store tiltak som lova krev konsekvensutgreiing for.

Vidare går det fram av sakspapira at gruneigarane på det aktuelle området ikkje vil selja tomta og at naboar er sterkt i mot etablering av hamn.

Administrasjonen gjer det også klart at tiltaket er i strid med gjeldande kommuneplan og ein meiner tiltakshavar sjølv, i dette høvet EcoInowaste AS, sjølve bør utarbeida og ta kosten med ein reguleringsplan av denne typen. "Kommunen bør vereprinsippfast kring dette, også for å sikre ein likebehandling av aktørane, og av økonomiske omsyn"

Vidare at dei kostnadsreknar planarbeidet til 500 - 600 000 kroner, pluss at advokatutgifter seinare i prosessen bør påreknast. 

Gruppeleiar i Ap, Kåre Mentz Lysne, fortel hans parti er usikre på korleis dei kjem til å stilla seg i saka torsdag:

- Dette kom fort og me må ha gruppemøte først. Me er usikre, og det har noko med i kva rekkjefølgje ein skal gjera ting. Men me registrerer at sakshandsamar i administrasjonen er ganske negativ og veit eit Senterpartiet er svært positive.

Til toppen