TAKKAR FOR SEG: John Erik Johnsen har vore hamnesjef i Aurland sidan cruisekaia i Flåm vart opna i 1999.
TAKKAR FOR SEG: John Erik Johnsen har vore hamnesjef i Aurland sidan cruisekaia i Flåm vart opna i 1999. (Bilde: Privat)

Hamnesjefen gir seg – etter snart tjue strake år med vekst

– Eg er veldig godt nøgd og har hatt ei veldig spanande og interessant tid i hamnevesenet, seier Johnsen.

Aurland: Til neste år går John Erik Johnsen, hamnesjef i Aurland sidan cruisekaia i Flåm stod ferdig i 1999, over i pensjonisttilvêret. Viss 2018 blir som dei føregåande kan han då sjå tilbake på den tjuande sesongen med vekst, både i talet reisande og i omsetnad.

– Eg synst det er greitt å slutta når me er på topp. Me har hatt ei auke heile tida eg har jobba her, seier han.

Johnsen seier dei ønskjer ein etterfølgjar med omlag same bakgrunn som han sjølv, det vil seie med ingeniørutdanning og helst erfaring frå både reiseliv og kommunal forvalting.

– Eg trur det er ei attraktiv stilling, så eg forventar at me får søkarar både lokalt og utanfrå, seier Johnsen.

Arbeidsplassen gir han uansett si varmaste anbefaling.

– Det er hektisk når det står på, men du får møte masse hyggjelege folk og får vere med på mykje, seier Johnsen.

Aurland Hamnevesen hadde 14,4 millionar i omsetning og ein halv million reisande fordelt på kaiane i Flåm og Gudvangen i 2016.

Til toppen