NYTT STEG: Aurland hamnevesen har søkt statleg støtte til utbygging av anlegg for landstraum.
NYTT STEG: Aurland hamnevesen har søkt statleg støtte til utbygging av anlegg for landstraum. (Foto: Svein Ulvund/ Voss Now)

Hamnevesenet har kurs mot landstraum i Flåm i 2022

No har dei bedt staten om støtte til å realisera prosjektet.

Aurland: I ei pressemelding onsdag skriv Aurland Hamnevesen at dei har søkt statsføretaket ENOVA om støtte til etablering av landstraum til cruiseskip i Flåm.

Landstraum gjer at skip kan skru av motorane når dei ligg til kai, og dermed redusera utslepp. ENOVA har dei siste åra gitt investeringsstøtte til fleire prosjekt for
elektrifisering av hamner, og cruisehamna inst i Sognefjorden håpar no det er deira tur.

– No står verda stille og reiselivet og cruisenæringa vert hardt ramma. Difor er det viktig at me brukar tida godt for å komma ut av denne situasjonen styrka. Me vil vera klare for å ta hamna eit steg vidare fram mot framtidige krav og eit grønt skifte. Om alt går som me ynskjer vil anlegget stå klart i 2022 , seier den ferske hamnesjefen Tor Mikkel Tokvam i pressemeldinga.

Les óg: Ny hamnesjef får fleire utfordringar i fanget

Kortreist kraft

Søknaden er levert i samarbeid med lokale aktørar, cruisenæringa og lokalt energiverk. Investeringa er eit steg på vegen for å tilpassa seg krav om nullutslepp i 2026.

Sjølv om Flåm har nok korteist og rein vasskraft å ta av kostar det store summar å gjera denne tilgjengeleg for skipa.

– Me ser og gjennom utgreiinga at det kan forsvarast økonomisk og er mogleg å få gjennomført, men samstundes er av ein slik storleik at me vil vera avhengige av støtte for å få det realisert, seier Tokvam i pressemeldinga.

Reiarlaga på lag

Straumkapasiteten vil verta så stor at cruiseskipa ikkje vil greia å utnytta denne fullt ut åleine. Hamnevesenet håpar dermed at den den kunne koma elektriske båtar, bussar, bilar og andre innovative løysningar til gode i tillegg.

Hamnevesenet har vore i kontakt med fleire som kan levera anlegget og fått henta spesifikasjonar og prisoverslag.

– Reiarlaga har òg signert intensjonsavtalar som inneber at dei vil kople seg til anlegget når det står ferdig, seier driftsleiar Jon Olav Stedje, som har vore hamna sin kontaktperson i møte med næringa, i pressemeldinga.

Til toppen