Aurland: Aurland Hamnevesen har fått ei bot på 300.000 kroner for brot på hamnelova.
Selskapet har vedteke bota.
– Når politiet etter grundig etterforsking har konkludert med at dette var klanderverig og eit brot på hamnelova, så aksepterar me det og beklagar det som skjedde. Me er opptekne av at det skal vera trygt å ferdast på kaiene våre, seier Noralv Distad, ordførar i Aurland og styreleiar i hamnevesenet.
Les òg: Politiet skal finne ut kva som skjedde då brygga kollapsa
Politiet skuldar på overlast
I førelegget kjem det fram at hamnevesenet tilbaud ein båt å nytta flytebrygga og landgangen i Gudvangen, sjølv om anlegget ikkje var dimensjonert for så store folkemengder.
– Overlasta førte til at landgangen losna og fleire passasjerar fall i fjorden, med fare for betydeleg skade på liv eller helse, skriv politimeisteren i Vest.
Ventar ikkje erstatningskrav
I førelegget opplyser politimeisteren at vedtaking av førelegget kan få betydning ved eit eventuelt erstatnings- eller forsikringsoppgjer.
Styreleiar Distad kjenner ikkje til at verken selskapet som eigde turistbåten eller enkeltpassasjerar har planar om å søka erstatning etter det som skjedde.
– Det som det må vera full konsentrasjon om no, er å jobba for tryggleiken til dei mange passasjerane som kjem til våre område, seier han.