Aurland: Det opplyser hamnesjef i Aurland, John Erik Johnsen, i ei pressemelding frå Bergen og Omland Hamnevesen.
Hamnene vil i samarbeid med DNV GL utarbeida eit verktøy for å kunne dokumentera mellom anna utslepp til luft og vatn, avfallshandtering og energibruk frå cruiseskipa når dei ligg til kai. Verktøyet vil gi ei vurdering av kvart skip si miljøpåverknad og rekna ut ein miljøscore for kvart skip.
Målet er å oppmuntra reiarlaga til å velja gode miljøløysingar. Det vil hamnene gjera ved å premiera skipa som er best på dette ved å gje reduserte hamneavgifter.
– Norske hamner ynskjer å bidra til reinare luft og vatn i hamnene, og målet vårt har vore å finna ei felles løysing som alle hamnene kan nytta, seier prosjektleiar Even Husby i Bergen og omland hamnevesen (BOH) i pressemeldinga.
Prosjektet tek utgangspunkt i behovet til ein del sentrale og store cruisehamner, men løysinga vil bli gjort tilgjengeleg for alle hamner som ønskjer å bruka ho.
Deltakarar i prosjektet er Bergen og Omland Hamnevesen (BOH), som er prosjektansvarlig, Stavangerregionen Hamn, Oslo Hamn, Aurland Hamnevesen, Stranda Hamnevesen, Ålesundregionens Hamnevesen, Trondheim Hamn, Norske Hamner, Innovasjon Norge og Kystverket.