NÆRMAR SEG: Ein månad før folkerøystinga møtte ordførar Jarle Aarvoll innbyggjarane på biblioteket i Sogndal for ein prat om kommunesamanslåing. Valet dei landar på kan få konsekvensar for korleis sognekommunane blir organisert i framtida. Foto: Halvor Farsund Storvik. 
NÆRMAR SEG: Ein månad før folkerøystinga møtte ordførar Jarle Aarvoll innbyggjarane på biblioteket i Sogndal for ein prat om kommunesamanslåing. Valet dei landar på kan få konsekvensar for korleis sognekommunane blir organisert i framtida. Foto: Halvor Farsund Storvik. 

Han avviser at helsekrangel stoppa forhandlingane

Den 23. mai går sogndølene til urnene for å stemme ja eller nei til kommunesamanslåing. Dei som seier ja får yttarlegare tre val på røystesetelen: vil dei ha ein storkommune som omfattar heile Sogn utanom Høyanger, slå seg saman med Leikanger, Balestrand og Luster, eller Leikanger, Balestrand og Vik.

To av desse alternativa finst rett nok berre på papiret. For berre firkløveret Sogndal, Balestrand, Leikanger og Vik har ein såkalla intensjonsavtale i ryggen.

– Det enklaste hadde vore å vore å lata innbyggjarane få velja ja eller nei. Men vi ønskjer råd frå dei om ulike alternativ, også alternativ som inkluderer kommunar som har sagt nei til samanslåing, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Avviser at LMS-krangel vart avgjerande

Den rike naboen Luster har teke det klåraste standpunktet: dei og kraftkronene greier seg best åleine. Årdal, Lærdal og Aurland kom til forhandlingsbordet, men der sa det stopp. 

Leiaren i Årdal Arbeidarparti, Marie Helene Hollevik Brandsdal, sa i mars at det var Sogndal som trekte seg frå forhandlingane. Årsaka var, ifølgje ho, manglande vilje til å stø opp om Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal. Sogndølene ville heller satse på sitt eige helsesenter som er under bygging. Den versjonen avviser Aarvoll.

–  Det vart jobba fram ei semje om det lokalmedisinske senteret og at helseleiinga skulle vere i Lærdal. Det låg i utkast til avtale. Men så kom vi til neste møte og då var den semja vekke, seier Aarvoll.

– Kva var det då som gjorde at forhandlingane stranda?

– Det vil det vera ulike meiningar om. Det som gjorde at Vik og Sogndal valde å ikkje gå vidare var at detaljeringsgraden vart for stor. 

– Kva meiner du med det? 

– Avtalen vart på eit slik nivå at det handla om kva som skulle liggje her og kva som skulle liggje der. I tillegg vart det etter vår meining for lite fokus på å byggje noko nytt, det handla mest om å lata ting vera akkurat slik dei har vore. Det hadde blitt mykje byråkrati viss den avtalen hadde blitt sett i verk, seier Aarvoll.

Held døra på gløtt

Med kun eitt reellt alternativ vert spørsmålet kva som skjer om sogndølene vel eitt av dei to andre: anten å slå seg saman med nabokommunar politikarane allereie har avvist eller som allereie har sagt dei vil stå åleine. 

– Dersom eit fleirtal av veljarane i Sogndal stemmer ja til kommunesamanslåing, om det no vert eitt av dei større eller mindre alternativa, så gir det ei retning i det vidare arbeidet til politikarane. Men det er kommunestyret som til sjuande og sist avgjer, seier Aarvoll.

Dermed kan kanskje døra framleis stå på gløtt, både for Årdal, Lærdal og Aurland. 

– Eg trur det er viktig for Sogn og dei røystene som har ønskt ein stor kommune, at ein ikkje utelukkar noko. Men i botn har vi ein intensjonsavtale med tre andre kommunar. Det er ein avtale vi har forhandla fram og som gir ein del forpliktingar oss i mellom, seier Aarvoll.

 

 

Til toppen