MILJØKRITIKK: Stein Malkenes (MDG) kallar Arbeidarpartiet ei sinke innanfor miljøpolitikken og ber Hilmar Høl (Ap) og partiet hans om å kome ut av 80-talet og inn i 2017. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MILJØKRITIKK: Stein Malkenes (MDG) kallar Arbeidarpartiet ei sinke innanfor miljøpolitikken og ber Hilmar Høl (Ap) og partiet hans om å kome ut av 80-talet og inn i 2017. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han ber Høl og Ap ta seg sjølv i nakken og kome ut av 80-talet

Stein Malkenes (MDG) legg ingenting i mellom og kallar Arbeidarpartiet ei sinke for industrien på miljøfronten.

Årdal: – Mi klare utfordring til Arbeidarpartiet og særleg Hilmar (Høl journ. anm.) er at han må koma høgare opp på bana på miljøsida for i det heile å vere med og leggja til rette for å vidareutvikle industrien.

Det seier Stein Malkenes (MDG) til Porten.no. Malkenes er Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane sin 1. kandidat på stortingslista. 

Måndag denne veka besøkte han Hydro i Årdal «for å skaffe seg ein industripolitikk», som han sjølv sa til Porten.no tidlegare denne veka. Malkenes rettar også kritikk mot Høl.

Les også: MDG besøkte Hydro i jakta på ein industripolitikk

– Slik han og Ap driv i fylket er dei ei sinke. Dei er ikkje med på å skape dei nye rammevilkåra som Hydro og andre treng for å vinne kontraktar i verda. Det er mi utfordring til han. Dei må ta seg sjølv i nakken og kome ut av 80-talet og inn i 2017.

SVARAR: Hilmar Høl (Ap) meiner Malkenes ikkje har fulgt med i timen og svarar på kritikken.
SVARAR: Hilmar Høl (Ap) meiner Malkenes ikkje har fulgt med i timen og svarar på kritikken.

– Han har sagt nei

Høl, som er leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, meiner Malkenes bommar med kritikken og seier MDG-politikaren ikkje har fulgt med i timen.

– Malkenes er ein utolmodig miljøpolitikar, det skal han ha, men eg har sagt til han at viss han skal ha truverd i politikken, må han så eitt og eitt frø – ikkje koma med alt på ein gong, byrjar Høl.

– Når han då vel å angripe meg personleg og Ap på miljøfronten, vil eg seie at me har vore med lenger enn han. Medan me har kjempa for at fornybar energi skal nyttast i industrien, har Malkenes og MDG sagt nei. Medan me har sagt ja til at vindkraft vil vera ein føresetnad for fornybarsida, har dei sagt nei.

CO2-kompensasjon

Høl løftar også fram Ap sitt standpunkt på CO2-kompensasjon, som dei har sagt ja til i mange år. Føremålet med CO2-ordninga er kompensere industrien for auka elprisar som følgje av EU sitt kvotesystem. Slik vil ein motverke at industrien flyttar til land med mindre streng klimaregulering. 

Feil, svarar Malkenes.

– Viss Høl seier me er imot, så er det direkte feil. Me støttar den, seier MDG-politikaren. 

Fredag legg regjeringa fram industrimeldinga for første gang på 36 år. Malkenes har allereie éin ting klart på kva MDG vil jobbe for.

– Me kjem til å gå inn for karbonfangst. I dag finst det tre slike prosjekt i landet som ligg klare. Eg kunne tenkja meg at Hydro Årdal fekk det fjerde eller kom inn i den rekkja der. Dette veit eg Hydro jobbar med, så her ligg eit grunnlag for at det kan bli ei satsing, seier han. 

– I tillegg ønskjer me at alle punktutslepp i industrien skal vera renska innan 2030. Det er våre standpunkt og i vårt program.

Ingen sinke

I mellomtida er Høl klar på at hans parti ikkje er ei sinke innanfor industripolitikken.

– Me vil bruka energien vår til nye industrielle tiltak. Då veit me at i den grad me klarar å halde annan kraftkrevjande industri vekke frå kolkraft og gasskraft, er samanlikninga slik at ein får to kilo CO2 per kilo aluminium i Noreg. I Europa og i Qatar ligg det tilsvarande på 5-6 og 7,5.

– Me forheld oss til klimakrava som er sagt og utviklinga av industrien som er knytt til vår teknologibase i Årdal. Her kjem me til å koma langt, og me forventar investeringar i både Høyanger og Årdal på den nyaste av det nye. 

Til toppen