Vestland: – Det viktige no blir å finne ut kva slags posisjon Vestlandsforsking skal ta i den nye fylket Vestland. Det opnar seg nye mogelegheiter til å ta større plass enn i dag, seier Aleksander Øren Heen i ei pressemelding.
4. mars vedtok Fylkestinget i Vestland nytt styre for Stiftinga Vestlandsforsking. Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet vart ny styreleiar, medan Silja Ekeland Bjørkly frå Høgre er nestleiar.
Direktør Anders-Johan Almås synest Vestlandsforsking har fått eit svært solid styre, som både har politisk tyngde og høg kompetanse på instituttet sine satsingsområde.
– Både eg og styret ser fram til å forvalte den sterke kvalitetsprofilen til Vestlandsforsking vidare, seier Almås.
Slik er det nye styret til Vestlandsforsking:
- Aleksander Øren Heen (Sp) – leiar (Årdal)
- Silja Ekeland Bjørkly (H) – nestleiar (Bergen)
- Camilla Schreiner, CICERO senter for klimaforskning (Oslo)
- Erik Kyrkjebø, Høgskulen på Vestlandet (Sogndal)
- Arve Sandal (Førde)
- Synnøve Aabrekk, Usus/Visit Sørlandet (Kristiansand)
- Svein Ølnes, tilsettrepresentant for Vestlandsforsking (Sogndal)
Varamedlemmar:
- Emil Gadolin (Ap), (Bergen) – 1. vara
- Tone Fløtten, FAFO (Oslo) – 2. vara
- Kristin Rundsveen (Sp), (Sogndal) – 3. vara
- Svein Ove Slinde, Statkraft (Sogndal) – 4. vara
- Kathrin Jakobsen, Vestland fylkeskommune (Bergen) – 5. vara
- Kristin Maurstad, (Ap), kommunalsjef Kinn kommune (Stadt) – 6. vara
- Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking (Luster) – vara for tilsettrepresentant