BLIR SETTERÅDMANN: Rådmann Terje Heggheim i Flora kommune.
BLIR SETTERÅDMANN: Rådmann Terje Heggheim i Flora kommune. (Foto: Aleksander Åsnes/NRK)

Han blir setterådmann i barnevernssaka i Sogndal

Rådmannen i Flora, Terje Heggheim, får ansvaret for å handtera dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern og varslingssakene som måtte koma.

Sogndal: Terje Heggheim vart konstituert rådmann i Flora i 2008 og fast tilsett i stillinga i 2009. Han har bakgrunn frå forsvaret, der han jobba i ulike stillingar fram til 1994. I 1995 vart han tilsett i Flora kommune, først som personalsjef, sidan som kommunalsjef og rådmann.

Heggheim er òg tilsett som rådmann i den nye Kinn kommune, der han har tittelen prosjektrådmann fram til samanslåinga av kommunane Flora og Vågsøy i 2020.

Tidlegare i januar vedtok kommunestyret i Sogndal at rådmann Jostein Aanestad ikkje skal handsama varslingssakene og dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern. Ein setterådmann skulle oppnemnast i staden.

I møtet i formannskapet i Sogndal torsdag vart det kjent at florarådmannen har fått ansvaret for arbeidet. Oppretting av eit varslingssekretariat og utarbeiding av rutinar for konflikthandtering er to av arbeidsoppgåvene han skal ta tak i.

Florarådmannen vart peika ut som kandidat av ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal og har takka ja til jobben.

Til toppen