Årdal/Lærdal: - Det er ein interessant jobb og eg har jobba veldig mykje med dette fagfeltet innan industri. I det heile tykkjer eg jobben verkar spennande og attraktiv, så difor valde eg å søkja, seier Per Gullaksen til Porten.no.
Han har lang fartstid innanfor det tekniske miljøet på Hydro i Årdal og BIS Production Partner. Gullaksen er utdanna sivilingeniør innan elkraftteknikk og har dei siste fem åra vore dagleg leiar i Lærdal Energi.
- Det er ikkje noko lett val, for eg trivst veldig godt i Lærdal Energi og har fått store moglegheiter til å utvikla verksemda. Me har fått gjort masse, som å etablera Akraft. Men no har eg vore i Lærdal Energi fem år, og ein må ta nokre val her i livet, seier Gullaksen.
Han fortel han tek til i stillinga som teknisk sjef i Hydro Årdal seinast 1. november.