Aurland: - Me har nesten ein kvadratkilometer per innbyggjar, så tilsynelatande er det god plass, i kommunen, innleia aurlandsordførar Noralv Distad.

Forsamlinga han tala til i kommunestyresalen torsdag var ei breitt samansett gruppe hovudsakleg beståande av arkitektar, studentar og kommunale planarbeidarar frå fleire stader i landet.
Hovudarrangør for seminaret var Lofoten Matpark, ein utviklingsaktør i Lofoten som skal bidra til verdiskaping basert på lokale, naturgjevne tilhøve.
- Me ser på korleis kommunar kan bruka minihus til å få tilflytting; dei som klarar å tilby potensielt nye innbyggjarar hus vil vera dei som er vinnarar i kampen om tilflyttarar, seier leiar for Lofoten Matpark sitt minihusprosjekt, Ørjan Arntzen.
Må senda vekk folk fordi det ikkje finst bustad
Og bustad er eit problem i Aurland; trass i kvadratkilometeren kva innbyggjar har til disposisjon, består den i snitt hovudsakleg av fjell, fjord og ein ras- eller flaumutsette flik i dalbotnen.
Difor er det smått med både tilgjengelege bustader og areal eigna til å byggja bustader på i den arealmessig store kommunen. Og eit minihus tek naturleg nok mindre areal enn ein stor einebustad.
Aud Melås, dagleg leiar ved Flåmsbrygga hotell og Ægir bryggeripub, var ein av deltakarane på minihusseminaret. Ho sa det slik:
- Eg har enkt på minihus for utleige. Det kjem veldig mange hit til Aurland med kompetanse og alt, men me har ikkje plass å bu til dei, og må gjerne senda dei vekk. Slikt er jo tragisk.
Artikkelen held fram under biletet

Naboen bygde hus til 200 000 kroner
Arkitekt Gøran Johansen har sjølv bygd seg eit hus på Aurlandsvangen på 19 kvadratmeter. Han forklarde grunnen til at han gjorde det slik:
- Eg var ikkje interessert i å bruka tre millionar kroner på ein bustad, i alle fall ikkje når eg var sikker på om eg ville bli buande i Aurland.
Han kom som tilflyttar av jobbmessige årsaker, og opplevde nokre hindringar på vegen mot minihuset sitt. Først fekk han avslag frå kommunen, som viste til at eit slikt hus som han såg føre seg ikkje oppfylte dei forskriftsmessige krava.
- Men så finst det ei forskrift som seier at mellombelse bygg der det er behov kan setjast opp utan at det tilfredsstiller alle desse krava.
Og det vart løysinga; han har eitt minihus, og han har ein nabo med eit anna minihus.
- Me bygde samstundes og med to ulike utgangspunkt; heilt bevisst for å synleggjera skilnaden. Naboen gjekk for gjenbruk og bygde huset sitt på ei Moelven-brakke. Det kom på 200 000 kroner, med vatn og avløp. Eg gjekk for meir moderne laft, og huset mitt kom på 700 000 kroner.
Les også: Bygger eit av Europas første «Tiny-House» i Lærdal
Artikkelen held fram under biletet

Utfordringa no er at han må plukka huset ned att. Fordi det altså er mellombels, per definisjon.
- Men både eg og naboen har fått det utsett i eitt år fordi det tok eitt år å byggja. Så får me finna ei lkøysing på det året.
- Kor areleffektivt er eigentleg minihus?
Noko av poenget med minihus, er at uteområdet blir vel så viktig; fleire av aktørane under seminaret torsdag la vekt på at eit minihus stimulerer til å bruka meir tid ute og mindre inne; då er eit fint opparbeid tun eller uteområde ein føresetnad.
- Har du ei stove på hundre kvadrat, puttar du besøksfølgje inn i den, sa Johansen.
Men når ein altså skal ha eit fint tun å boltra seg på, pluss det faktum at minihus vanlegvis går over ein etasje, lurde tilhøyrar Erling Oppheim på kor arealrasjonelt minihus eigentleg er:
- I høve til dømes leilegheiter, som du kan byggja i høgda? spurde Oppheim.
Johansen svara at det ikkje berre handla om arealeffektivitet.
- Men om å utvida bustadpaletten; nokre vil ikkje bu i leilegheiter; nokre vil ha sitt eige hus. Og du får nokre minihus på same arealet som ein svær einebustad tek. Det handlar ikkje om at me skal løysa bustadkrisa, men bidra til eit utvida tilbod. Det kan og vera snakk om mindre bustader rundt ein gard; eit sambruk.
- Det blir ein heim
Johansen fortalde også at minihus byrjar å bli noko meir enn ein "undergrunnstrend".
- Det har faktisk byrja å bli ei endring i korleis folk tenkjer om bustad. Me lever annleis enn før; i meir flyktige forhold, me reiser vekk eitt år, me studerer i vaksen alder. Ting skiftar meir og kjappare om i folk sine liv, og mange vil ikkje binda seg så kraftig opp til ein plass ved å investera mange millionar i bustad. Dessutan gir minihus ein høve til å setja sitt eige preg på bygget; det blir ein heim i høve ei standard pakkeløysing mange nyttar seg av.
Han jobbar som arkitekt oig har eige firma. Førebels har han ikkje starta noko stort minihusprosjekt, som Lofoten Matpark; til no har det handla om å førespegla ideen for lokalbefolkninga og kommunen.
- Skal det bli større enn på litt slik dugnadsbasis frå mi side, må nokre vera viljuge til å bistå til eit slikt prosjekt; næringslivet eller andre interesser, kanskje fleire private aktørar som går saman.

I ryggen har Johansen Lofoten Matpark; som han kjenner til frå før ettersom han kom frå Lofoten til Aurland.
- Me prøver å finna ut korleis ein kan bruka minihus strategisk; det er altså mutfordringar i høve planverk. Dette seminaret handlar om korleis ein kan koma rundt planverket, forklarar prosjektleiar Arntzen.