HEIMEMEKKA: I ein låve i Sogndal jobbar Alvin Lægreid for å få klar den nye bilen til neste sesong. Sogndølen satsar hardt på den veksande motorsporten drifting.
HEIMEMEKKA: I ein låve i Sogndal jobbar Alvin Lægreid for å få klar den nye bilen til neste sesong. Sogndølen satsar hardt på den veksande motorsporten drifting.

Han byggjer ny bil heilt frå grunnen av

Mens dei fleste sambygdingane søker til høgda når det blir kvitt i fjella, føretrekker Alvin Lægreid frå Sogndal å skru bil.

Sogndal: På sementgolvet i ein gamal låve står den heilt ribba. Det er ein BMW 1-serie, men det er ikkje lett å sjå, sjølv ikkje for dei som har greie på slikt.

– Eg har tatt ut motor, girkasse og alle dei originale delane. No er det eigentleg berre karosseriet att, seier Lægreid og ser bort på det tomme skallet og alle arbeidstimane han har framfor seg.

Til våren skal det verte ein fullblods konkurransebil med 935 hestar.

– Eg er ganske sikker på at eg greier å få det i hamn, seier han.

Les også: Heftig sirkus for bilgalne: – Dette er årets happening

HEFTIG: I motorsporten drifting handlar det om å køyre spektakulært og om å sladde så mykje som mogleg. Her frå sesongavslutninga på Kaupanger i fjor.  
HEFTIG: I motorsporten drifting handlar det om å køyre spektakulært og om å sladde så mykje som mogleg. Her frå sesongavslutninga på Kaupanger i fjor.  

– Eg er ikkje redd for å prøva

På Kaupanger har det vakse fram eit driftingmiljø med førarar som hevdar seg i norgestoppen. Til forskjell frå vanleg motorsport handlar ikkje drifting om rundetider og plasseringar, men om breisladd og halsbrekkande køyring.

For Lægreid er det altså ikkje berre ein artig hobby, det handlar om å skru i hop ein konkurransedyktig doning til neste sesong. Det er ikkje første gong han prøver liknande prosjekt. Dette er tredje bilen hans og den førre måtte gjennom ei nesten like omfattande ombygging.

– Så eg har vore borti det meste før, seier Lægreid.

IMPROVISASJON: Ein toyotamotor i ein BMW er ikkje heilt etter boka. Då må du improvisere. – Det er dèt det går på heile tida, at ting ikkje passar. Så du må få det til å passa og byggja om alt, seier Lægreid.

Han har alltid vore interessert i bilar. For sju år sidan byrja han å skru, sidan har det eigentleg berre balla på seg.

– Eg kjøpte ein billig bil til å begynna med. Så begynte det å ryka ting og eg måtte fiksa problema som dei kom. Eg har òg mange gode vener som har hjelpt meg. Det var vanskeleg i byrjinga, men no tykkjer eg det berre er moro og utfordrande når det dukkar opp ting. Eg er ikkje redd for å prøve, seier Lægreid.

LØYNDOMEN BAK SLADDEN: Eit såkalla styrevinkelkit får bilen til å svinge meir. – På ein vanleg bil er vinkelen 30 grader, me har 65-70 grader, seier Lægreid. 
LØYNDOMEN BAK SLADDEN: Eit såkalla styrevinkelkit får bilen til å svinge meir. – På ein vanleg bil er vinkelen 30 grader, me har 65-70 grader, seier Lægreid. 

Tidkrevjande jobb

Bilen han er i gong med no fekk han hos ein bruktbilforhandlar i Tyskland. Motoren var øydelagt, men akkurat det Lægreid var på utkikk etter.

– Då hadde eg eit billig utgangspunkt, seier han.

Det første han gjorde var å fjerne all unødvendig innmat for å få ned vekta. Som i all bilsport er det ein fordel.

– Me har ikkje så mange ting inne i bilen, men vi har det viktigaste: ratt og pedalar, handbrekk og girstang. Har me det, så klarar me oss, seier Lægreid.

VEKK MED DET: Alt som ikkje bidreg til framdrifta blir skrudd eller sveisa vekk. Berre overflødige klemmer, brakettar og diverse krimskrams utgjorde femti kilo i tomgods. 
VEKK MED DET: Alt som ikkje bidreg til framdrifta blir skrudd eller sveisa vekk. Berre overflødige klemmer, brakettar og diverse krimskrams utgjorde femti kilo i tomgods. 

Motoren er frå den gamle bilen han selde i fjor. Saman med girkassa skal den «linast» opp med differensialen, som er det som gir bilen framdrift.

– Differensialen bak er kjøpt frå USA, ein 9-tomssak frå Ford, så den passar ikkje i ein BMW. Så den må eg òg få til å passa. Det er ganske tidkrevjande jobb, for alt må stemma og alt må vera beint for at du ikkje skal få vibrasjonar i bilen, seier Lægreid.

Handbrekk frå Luster

I det heile tatt er det gjennomgangsmelodien. Ingenting av det som skal inn i bilen passar og ingenting høyrer i lag.

– Det er ganske mykje jobb for å motoren beint i bilen, få girkassa til å passa og slike ting. Det er dèt det går på heile tida, at ting ikkje passar. Så du må få det til å passa og byggja om alt, seier Lægreid.

KORTREIST: Handbrekket er den viktigaste reiskapen til driftingutøvarar. Alvin Lægreid har fått sitt laga av ein kompis i Luster som har gjort slike jobbar til levebrød. 
KORTREIST: Handbrekket er den viktigaste reiskapen til driftingutøvarar. Alvin Lægreid har fått sitt laga av ein kompis i Luster som har gjort slike jobbar til levebrød. 

Eitt av dei mest drastiske inngrepa kjem når han skal skjere av den bakerste delen av bilen og byte den ut med glasfiber. Poenget er å gjere det lett og kjapt å fikse dei uungåelege skadane.

– Det er ein kontaktsport me driv med. Du skal ligga så nærma ting som mogleg og helst treffa dei så vidt, utan at du krasar heile bilen. Det er ofte bakparten av bilen du skal subbe inntil ein mur eller slike ting. Då er det av og til at det ikkje går så bra, seier Lægreid.

– Du skal ikkje kræsja borti ting, men det er ikkje så lett å berekna når du sit i ein bil og det går i hundre og femti kilometer i timen. Då er det fort at det kan gå litt gale, seier han.

Vil konkurrere i Europa

Etter alt slitet håper han å sitje att med ein meir konkurransedyktig bil som er lettare å køyre. Motoren er den samme og gir 935 hestar og 1120 newtonmeter på hjula.

– Det er nok effekt. Greia er at du skal kunne spinna i alle gir. Her kan du setja han i femte, så spinn han, seier Lægreid.

Sesongen 2017 satsar han berre på å få køyre så mykje som mogleg og bli vand med bilen. Så er ambisjonen å satse for fullt i Drift Allstars, ein serie konkurransar i Europa han så vidt har fått prøve seg i. 

– Dei køyrer på eit heilt anna nivå enn i Norge. Det handlar om å strekka seg etter nye ting, det er litt difor eg har hamna der. Men det er mykje som må på plass først, seier Lægreid.

NY VRI: I ein vanleg bil, til dømes ein BMW 1-serie, er radiatoren plassert framme i bilen. Alvin Lægreid monterer sin bak i bilen for best mogleg lufting.  
NY VRI: I ein vanleg bil, til dømes ein BMW 1-serie, er radiatoren plassert framme i bilen. Alvin Lægreid monterer sin bak i bilen for best mogleg lufting.  
Til toppen