Sogndal: Fylkesutvalet og formannskapet i Førde var måndag i Sogndal for å lære av den såkalla Campus-modellen. I sunnfjordhovudstaden jobbar dei nemleg for få til eit eige Campus til 400 millionar, i første omgang ved å samle dei vidaregåande skulane.
– Det kostar littegrann meir, men vi trur at synergiane kan bli veldig store. Det er difor vi er her for å lære om den suksessen dei har hatt her i Sogndal, seier fylkesordførar Jenny Følling.
Ho seier prosjektet er avhengig av ein samarbeidsavtale mellom Førde kommune og fylkeskommunen. Går den i hamn, kan saka komme opp i fylkestinget når økonomiplanen skal handsamast der i desember.

Likar tanken på å samle ulike folk og miljø
Saman med dei andre «studiekameratane» fekk ho ei grundig omvising på Fosshaugane, der det har blitt bygd ut for nesten to milliardar sidan Campus-idèen vart fødd i 2001. Slikt sett skulle ikkje planane i Sunnfjord vere altfor urealistiske.
– Det er berre ein ting å seie: dette er kjempemessig og ein spire til inspirasjon for oss alle, seier ordførar Olve Grotle i Førde etter omvisinga.
Han trur det er fornufting «av nær sagt alle grunnar» å samle allmennfag og idrettsfag i byen. Og ser gjerne at fleire hektar seg på etter kvart.
– Det å samle ulike folk og slå saman ulike miljø gir store vinstar. Det har vi fått stadfesta her i dag og det vil vi satse på òg i Førde, seier han.
Hallén har trua på Sunnfjord-suksess
Yngve Hallén, dagleg leiar i eigedomsselskapet til Sogndal Fotball, var ein av arkitektane bak Fosshaugane Campus tidleg på 2000-talet. Han har klare meiningar om kva som gjorde at dei i si tid lukkast: dei ulike eigarane greidde å samarbeide, trass i motstridande eigeninteresser.
Likevel trur han kollegaane i Sunnfjord er dei beste til å dømme korleis dei skal greie å gjenskape suksessen der.
– Førde har vist seg flinke på mange område og eg trur verkeleg dei vil greie å samle skulane og få til det ungdommelege løftet det representerer, seier han.