ORDFØRARKANDIDAT: Hilmar Høl vart måndag valt som Årdal Ap sin ordførarkandidat til kommunevalet neste år.
ORDFØRARKANDIDAT: Hilmar Høl vart måndag valt som Årdal Ap sin ordførarkandidat til kommunevalet neste år. (Foto: Jostein Vedvik)

Han er Årdal Arbeiderparti sin ordførarkandidat

Hilmar Høl  er valt til Årdal Ap sin ordførakandidat. Anne Kauppi er varaordførarkandidat.

Årdal: Det vart bestemt under nominasjonsmøtet måndag. 

– Stolt, kry og audmjuk for å vera Årdal Ap sin ordførarkandidat ved kommunevalet neste år. Må erkjenna at dette er ei stor æra for meg, melde Høl i ein post på Facebook måndag kveld.

Høl skriv at han gler seg over valet og takkar medlemma for støtta. 

– Aldri har eg opplevd eit nominasjonsmøte med så mange medlemmar, og eg trur eg aldri har vore så nervøs heller. Av alle verv eg har hatt i kommune, fylke, fylkesparti og partiet sentralt, er nok det å få denne moglegheiten den største tiltrua eg har fått. Å få moglegheiten til å kjempe om ordførarkjeda i Årdal er stort, og eg takkar audmjukt for støtta. Tusen takk alle saman.

Til toppen