ÅRETS ORDFØRAR: Jan Geir Solheim blei kåra til årets ordførar under landsmøtet til Senterpartiet laurdag. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
ÅRETS ORDFØRAR: Jan Geir Solheim blei kåra til årets ordførar under landsmøtet til Senterpartiet laurdag. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Han er årets ordførar

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, blei kåra til årets ordførar laurdag.

Det var på Senterpartet sitt landsmøte i Haugesund at Solheim blei kåra til årets ordførar laurdag. 

Sidan Solheim blei ordførar i Lærdal i 2011 har han og kommunen støtt på mange utfordringar. Katastrofane har fulgt på rekker og rad dei siste snart fire åra.

Etter berre nokre månader i ordførarstolen herja ekstremvêret «Dagmar» i kommunen, og i 2014 blei Lærdal råka av den største brannen i fredstid i Noreg sidan 1923. Hausten var det store vassmengder som øydelagde i kommunen.

LES OGSÅ: Solheim: – Det har vore slitsamt

Solheim har sidan fått mykje ros for måten han leia beredskapen på under og etter brannen. Det viste også ei gransking som Retriever gjorde av korleis Solheim og Lærdal blei dekka i media. I ettertid har ordføraren heldt foredrag på mange beredskapskonferansar.

– Solheim er ein utadvendt mann som tek tak der det trengs. Hans veremåte, positivitet og utadvendte vesen gjer at han er ein god ambassadør for Senterpartiet, skriv partiet på sine nettsider.

Solheim stiller til gjenval som ordførar i Lærdal til hausten, men måtte innrømme at han var usikker. 

– Perioden har vore heilt uforutsigbar. Eg visste ikkje kva eg gjekk til. Det veit ingen som blir ordførar for første gong. Det var noko heilt anna enn det eg trudde. 

– Men så har eg opplevd ting som høgst sannsynleg ikkje skjer igjen i neste periode, som no gjer at eg får tru på at eg kan gjera ting slik eg hadde planlagt. Det har skjedd mykje ein ikkje kunne planleggje, og det er litt synd, sa Solheim då Porten.no snakka med han om temaet for ei tid tilbake.

Til toppen