ÅRETS PEUGEOT-SELJAR: Alf Roger Lereng og Indre Sogn Bil gjer det godt samanlikna med resten av landet og fekk nyleg prisen som årets Peugeot-seljar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ÅRETS PEUGEOT-SELJAR: Alf Roger Lereng og Indre Sogn Bil gjer det godt samanlikna med resten av landet og fekk nyleg prisen som årets Peugeot-seljar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han er årets Peugeot-seljar

98 prosent av prisen tileignar han medarbeidarane sine.

Årdal: Alf Roger Lereng og Indre Sogn Bil gjer det godt på bilsal. Faktisk så godt at Lereng vart kåra til årets seljar i Noreg av selskapet. Tala forklarar godt kvifor.

Medan Peugeot har ein marknadsdel på 3,7 prosent i Noreg, har dei ein del på om lag 15 prosent i Sogn. I kommunal målestokk er talet oppe i 60 prosent. Når 60 av 100 nybilkjøparar vel Peugeot, gjer ein noko riktig.

– Det er alltid kjekt å få ein slik pris. Kvar januar har Peugeot ein slags kick-off der dei premierer gode prestasjonar, og i år inviterte Bertel O. Steen til ei kjempehelg på Gardermoen. Deira visjon er å bli Noregs beste bilvarehus innan 2018, og sjølv om me er privateigde, blir me påverka av ein del viktige val dei tek. Det trur eg er bra for oss, seier Lereng.

Nøgde kundar

At dei sel mykje bil er ein ting, men noko som gler Lereng like mykje er tilfredse kundar. Også her leverer Indre Sogn Bil i toppen i Noreg. Alle kundar som kjøpet verkstad-teneste blir spurt om deira oppleving på seks-sju punkt. 

Her går det an å score maks sju poeng, og i 2015 hadde Indre Sogn Bil 6,7 poeng. Samanlikna med resten av landet er det få som er over 6,3. 

– Det gjer at me er på gjensal til den femte og sjette bilen til desse kundane. Det er 15 år sidan me starta i år. Mitt namn står på prisen fordi eg sel dei fleste bilane, men den hadde aldri kome utan den gode arbeidsgjengen, meiner Lereng.

Tøffare konkurranse

Sjølv om prisen er ein indikasjon på at ting går godt, blir konkurransen tøffare og tøffare, fortel han. Ein marknadsdel på 60 prosent kan vera misvisande dersom til dømes ein årdøl kjøper bilen sin på Voss. Der vil forhandlaren registrere salet i sitt distrikt, og på denne måten trur Lereng at rundt 50-60 nybilar dett ut av statistikken. 

– Totalmarknaden i Sogndal er dobbelt så stor som i Årdal. Det betyr at eigentleg skulle det budd 11 000 menneske i Sogndal, og det gjer det jo ikkje, så lekkasjen er framleis stor. 

– Dersom Indre Sogn Bil skal overleva i framtida med ti årsverk, kan me ikkje selja mindre enn me gjer no. Me har halvert nybilsalet vårt, men det er fordi me tidlegare hadde fleire merker, men det kostar meir enn det smakar å driva med så mange merker.

Må støtta næringslivet

Generelt meiner han difor at det er svært viktig at årdølene no går i takt og støttar opp om det lokale næringslivet

– Eg trur at viss me ikkje snur trenden, går me med «røvi» inn i framtida. I Årdal må me skjønna at me er éi bygd. Dess fleire butikkar som blir nedlagde, dess fleire tenester mistar me i kommunen. Dette heng saman.

Til toppen