TOPP TRE: F.v. David Underdal, nr.3, Trygve Skjerdal, Skjerdal nr.1, Audhild Rogdo, nr. 2.
TOPP TRE: F.v. David Underdal, nr.3, Trygve Skjerdal, Skjerdal nr.1, Audhild Rogdo, nr. 2. (Foto: Aurland Senterparti)

Han er Aurland Sp sin ordførarkandidat

Under nominasjonsmøte tysdag, vart det klart at partiet ønskjar Trygve Skjerdal som sin ordførarkandidat.

Aurland: Det melder partiet i ei pressemelding onsdag. 

Valet falt på Skjerdal etter at nominasjonsnemnda hadde vore igjennom ein brei og grundig prosess, heiter det.

– Det er alltid utfordrande å kunne presentere ei liste som tek omsyn til engasjement, god representasjon frå bygdene, og på same tid ivareta ein god balanse mellom alder og kjønn, seier leiar av nominasjonsnemnda, Olav Ellingsen.

Han meiner at dei har lukkast i oppgåva. 

– Me har fått med mange yngre, noko som lovar veldig godt for den politiske framtida til partiet. Nominasjonsmøtet var særleg godt nøgd med at Trygve Skjerdal har takka ja til å vera Aurland Senterparti sin ordførarkandidat, seier Ellingsen. 

Her er kandidatane:

På lista er det 21 kandidatar til kommunevalet 2019, 10 kvinner og 11 menn.

1. Trygve Skjerdal, Aurland.

2. Audhild Rogdo, Aurland.

3. David Underdal, Undredal.

4. Marianne Holme, Aurland.

5. Bengt Erlend Skjerdal, Aurland.

6. Frode Tufte, Gudvangen.

7. Astrid K. Grønsberg, Aurland.

8. Tor Olav Kvam, Aurland.

9. Margrethe Tokvam, Aurland.

10. Erling Oppheim, Aurland.

11. Anna Elise Borlaug, Undredal.

12. Terje Hilstad, Flåm.

13. Eldrid Kringeland, Aurland.

14. Lars Stave Ryum, Flåm.

15. Trude Høiby, Undredal.

16. Sigurd Vikesland, Aurland.

17. Ane Olivie Oppheim, Aurland.

18. Ole Kristian Åsarmoen, Aurland

19. Gunn Tuxen Wester, Aurland.

20. Sturle Ryum, Flåm.

21. Erna U. Skarsbø, Undredal

Til toppen