ÅGE OG SAMBANDET: Me veit ikkje om Åge Aleksandersen er den einaste som har auga ope på dette biletet. Men at han kjem til Målrock neste år, det er stadfesta.
ÅGE OG SAMBANDET: Me veit ikkje om Åge Aleksandersen er den einaste som har auga ope på dette biletet. Men at han kjem til Målrock neste år, det er stadfesta. (Bilde: Marthe Amanda Vannebo)

Han er berre ein av to stjerneartistar som er klar for Målrock

Ingen ringare enn Åge Aleksandersen og Gåte skal spela i Meieriparken neste sommar.

Årdal: I dag presenterte Målrock dei to første artistane som er klare for å spela på neste års festival i august.

Begge er trøndarar og begge har ein solid posisjon i norsk rock. 

Åge Aleksandersen er ein av dei verkelege travarane, som berre verkar å bli betre med åra. Til Målrock kjem han med gruppa Sambandet og ei rekke klassikarar i bagasjen.

Festivalsjefen: – Enormt nøgde

Tidlegare i år vart det klart at Gåte gjer comeback, både på plate og frå scena. Det er over ti år sidan bandet vart oppløyst då dei var på høgda av karriera. No kjem dei tilbake med ny spelelyst og ferskt materiale. 

– Me er enormt nøgde med å ha landa to av dei aller største norske banda til Målrock, seier festivalsjef Thomas Nordheim Moen i ei pressemelding.

– Det ligg an til ein historisk bra festival i 2018, legg han til.

I tillegg til dei to artistane er det òg stadfesta at det blir gjensyn med førestillinga «Ludvig i ord & tonar» i Årdal Kulturhus neste år.

Sala av festivalpass startar laurdag 11. november, men først i eit avgrensa antal og til reduserte prisar.

Til toppen