FULL KONTROLL: Tommy Øren er turneringssjef for Lerum Cup for andre året. Foto: Sogndal Fotball.
FULL KONTROLL: Tommy Øren er turneringssjef for Lerum Cup for andre året. Foto: Sogndal Fotball.

Han er cupgeneral, men har aldri spelt her sjølv

I dag starta Lerum Cup og Tommy Øren er mannen som skal halde styr 219 lag, rundt tre tusen deltakarar og fleire hundre frivillige.

Sogndal: – Kampane har gått etter planen, vêret er heilt nydleg og det ser ut som ungane kosar seg. Det er det viktigaste for meg, seier turneringssjefen.

Som spelar fekk  årdølen oppleve det meste, men Lerum Cup var han aldri med på.

– Det har aldri vore tradisjon for årdalslaga å vera med her, men i år har me med eit lag frå Jotun, så det er svært gledeleg. Me håpar dei kosar seg desse dagane, seier Øren.

Les også: Tommy Øren tilbake i Sogndal fotball
Les også: Opna for å bruke av Tommy-kontoen

Masse frivillige jobbar døgnet rundt

Som sjef for fotballcupen har han det overordna ansvaret for det som skjer, men det meste av jobben er gjort på førehand.

– No har eg berre ei birolla. Det er masse fantastiske folk rundt meg som jobbar livet av seg desse dagane og det er eg takknemmeleg for. 

– Kor mange frivillige er det?

– Det har eg ikkje oversikt over, men det er ekstremt mange. Alt frå dei i sekretariatet, dommarar, Røde Kors, dei som jobbar i aktivitetsparken og på dei ulike arrangementa. Det er ekstremt mange folk som er i sving for at dette skal gå rundt, seier Øren.

Stressa cupgeneral

Til no har sommaren vore heller laber, men vêrgudane skrudde verkeleg på sjarmen akkurat i tide til turneringsstart. Det gir ei strålande ramme, men òg nokre ekstra utfordringar.

– Det er viktig at ungane får i seg nok næring og væske, og at dei søker skygge i ny og ne. Det er opp til lagleiarane å passe på og det ser ut til å gå veldig bra, seier Øren.

Dette er andre året han er sjef for turneringa. Mykje av rutinane er innarbeidd gjennom dei nesten tre tiåra den har eksistert, men alt vil du aldri ha kontroll over. 

– Du går rundt og er småstressa, spent og uroleg for at ting skal skje. Då tenkjer eg på helsa til spelarane, om det manglar ein ball eller noko bryr ikkje eg meg om. Så langt har det gått bra, seier Øren.

Til toppen