HAR IKKJE SIGNERT OPPROPET: Jon Håkon Odd er den einaste av dei fem Ap-ordførarane i Sogn som ikkje har signert eit opprop av Ap-ordførar mot ACER. 108 Ap-ordførarar har signert oppropet, og det er fleirtalet av Ap-ordførarane i landet. 
Foto: Halvor Farsund Storvik.
HAR IKKJE SIGNERT OPPROPET: Jon Håkon Odd er den einaste av dei fem Ap-ordførarane i Sogn som ikkje har signert eit opprop av Ap-ordførar mot ACER. 108 Ap-ordførarar har signert oppropet, og det er fleirtalet av Ap-ordførarane i landet. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Han er den einaste Ap-ordføraren i Sogn som ikkje signerte opprop mot ACER

Han er kritisk til måten regjeringa har lagt fram ACER-saka på, men som partileiar Jonas Gahr Støre fryktar han konsekvensane ved å ikkje leggja seg innunder energitilsynet. 

Leikanger: – Noreg er tent med å delta i den europeiske energimarknaden, seier Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap). 

Noreg har vore med i dette EU-energisamarbeidet sidan 1990-talet.

ACER er eit nyare energitilsyn som er ein del av dette EU-samarbeidet, og skal føra tilsyn med energipolitikken som medlemslanda fører. 

Sidan Noreg ikkje er EU-medlem, har me høve til å leggja ned veto mot at ACER skal føra tilsyn med norsk energipolitikk. 

Arbeiderpartiet og Acer
  • Den 22. mars skal det røystast i Stortinget over om Noreg skal høyra innunder EU sitt energitilsyn ACER eller ikkje. Opphavleg skulle det røystast over dette alt på fredag, men avrøystinga har vorten utsett med nokre dagar.
  • Dei tre regjeringspartia er initiativtakarane til at Noreg sluttar seg til energitilsynet. KrF, som har gjeve parlamentarisk støtte til regjeringa, går mot ACER. Men regjeringspartia kan få det naudsynte fleirtalet dersom Ap stør dei. Kva Ap landar på avgjer heile denne saka. 
  • Det ser ut til at Ap heller mot å godta norsk tilslutning til energiunionen. Energipolitisk talsmann Espen Barth Eide har heile tida tala varmt om unionen og har argumentert for han i debatt. Også partileiaren til Ap tek til orde for at Noreg bør verta ACER-medlem.
  • Ungdomspartiet til Ap, AUF, går i mot norsk ACER-medlemskap. Det same gjer 108 av Ap-ordførarane, som er eit knapt fleirtal av ordførarane. 
  • Mange viktige fagforbund som historisk har høyrt med i grasrota til Ap, er i mot ACER. Til dømes Industri energi, fagforbundet og fellesforbundet. 
  • Ap skal ha landsstyremøte no, og det gjenstår å sjå om partiet vil einast i kva som vert deira politikk i ACER-spørsmålet
  • I Sogn har fire av fem Ap-ordførarar skrive under oppropet. I Sogndal, Årdal, Høyanger og Balestrand skreiv ordførarane under. I tillegg har Ap sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, årdølen Hilmar Høl, markert seg i pressa som ein av dei skarpaste ACER-kritikarane i heile Ap.
  • Somme kommunestyre i distrikta, som til dømes Årdal og Hyllestad, har samrøystes på tvers av alle parti vedteke fråsegner mot ACER. Motstanden mot ACER er størst i distrikta. 

Men Jon Håkon Odd trur det er risikabelt for Noreg å seia nei til ACER. I verste fall trur han det kan føre til eit dårlegare energi-samarbeid med EU-landa .

– Energimarknaden er viktig for å sikra eksport av gass til Europa og for å oppfylle klimamåla i Paris-avtalen. Difor er det ei viktig sak å diskutera Noreg si deltaking i EU si tredje energimarknadspakke ACER, seier Odd. 

– EU lyt kjøpa gassen sin utanfrå, og er heilt avhengige av Noreg, Russland og Algerie for å få gass. Dei to sistnemnde landa sel gass til EU heilt utan å vera knytte til unionen. Kan me likevel risikera at EU vil kjøpa all gassen frå Putin og det nordafrikanske diktaturet dersom Noreg ikkje vert med i energiunionen og ACER? 

– Me har enorme interesser i å selja norsk gass, og eg er sikker på at me er best tente med å ha eit samarbeid med landa ikring oss, seier Odd. 

Likevel meiner han at regjeringa ikkje har retta tilstrekkeleg søkjelys på kva konsekvensane for den norske eksportøkonomien vert om me går med i ACER.

Meiner regjeringa har gått for raskt fram med ACER

Odd meiner regjeringa har gjeve stortinget og samfunnet elles alt for kort tid til å ta innover seg kva ACER er for noko, før det skal bankast igjennom om Noreg vil leggja seg innunder tilsynet eller ei. 

– Til no har ikkje regjeringa synt at dei er i stand til å gje oss den tryggleiken me treng for å ta del i det europeiske samarbeidet om energi. Ein burde forventa at regjeringa imøtekom den skepsisen mange har mot ACER, og at dei hadde gjennomført ei konsekvensutgreiing om saka, seier Odd. 

Han meiner regjeringa ikkje har gjort greie for kva konsekvensane vert for norsk industri, for privatforbrukarane eller for Noreg sin råderett over eigne naturressursar.

– Eg er skeptisk til delar av denne nye energimarknadspakken, og med mindre ein kan gje tydelege forsikringar om at norske interesser vert ivaretekne i ACER så er eg nok i mot. 

Odd vil stilla som eit absolutt krav til tilslutning at norske styresmakter skal ha sjølvstendig kontroll over alle avgjerder som betyr noko for energitryggleiken i landet. 

– Til dømes må me vera sikre på at det ikkje vert slik at me brått kan lyta kopla ut krafttilgangen til norske industriverk nokre dagar fordi temperaturen har falle drastisk i Spania. 

Difor har han likevel ikkje skrive under oppropet: 

Odd seier at den europeiske energimarknaden er ein av pillarane i det europeiske samarbeidet.

– Som eit eksportretta land treng me marknadstilgang. Men utfordringa no er at regjeringa ikkje har sytt for at denne saka er tilstrekkeleg opplyst. 

– Men dersom saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst, er det ikkje urovekkjande at Ap truleg skal fatta eit vedtak no på årsmøtet denne veka, og i alle høve lyt fatta endeleg vedtak i Stortinget denne månaden?

– Me må heilt enkelt sjå om dei føresetnadene me i Ap set fram vert innfridde på ein god nok måte, til dømes kravet om minimum to tredjedels offentleg eigarskap med vasskraftressursane og offentleg norsk eigarskap med straumkablar ut av landet. So er det berre å slutta seg til samarbeidet, eller so lata vera om krava ikkje vert imøtekomne. 

Odd er skeptisk både til Senterpartiet sitt standpunkt om å markera total fråstand mot avtalen, og til det han meiner er regjeringa si ukritisk positive tilnærming til han.

– Det er ikkje svart kvitt dette. Det er ei gråsone som er lett å polarisere. Svaret ligg einkvar plass i mellom. Ein bør ikkje vera i mot eller for ACER utan atterhald. Det er ikkje tvil om at me er heilt avhengige av samarbeid, me må berre passa på at det ikkje går for langt.

Odd minner om at me har hatt eit omfattande energisamarbeid med nabolanda i Norden i fleire tiår alt, lenge før EU sin energiunion kom på bana, og at me har hatt godt av å samarbeida med dei nordiske landa og resten av Europa innan energi.

– At me er medlemer i den europeiske energimarknaden er dessutan viktig for norsk forsyningstryggleik, seier Odd.

Rosar Ap sin fylkesleiar Hilmar Høl, sjølv om fylkesleiaren har gått i strupen på ACER

Sjølv om Odd har ei diplomatisk innstilling til ACER-sprøsmålet, er han glad for at fylkesleiar Hilmar Høl har vore so tydeleg i motstanden sin. Han deler òg bekymringane til alle dei ordførarane som har skrive under oppropet. 

– Eg synest Sogn og Fjordane Ap har handtert dette på ein god måte, seier Odd, trass i at fylkespartiet altso har valt å gå til åtak på ACER.

– Poenget er at me treng å få svar på avgjerande spørsmål som regjeringa har belyst dårleg. Difor er det fint at fylkespartiet har vore so tydelege på kva som er viktig for industrien i Sogn og Fjordane, seier Odd.

Til toppen