NYE OPPGÅVER: Ole Ramshus Sælthun er arrangementskoordinator i Lærdal kommune. No blir han òg redaktør for bygdabladet Helg & Kvardag.
NYE OPPGÅVER: Ole Ramshus Sælthun er arrangementskoordinator i Lærdal kommune. No blir han òg redaktør for bygdabladet Helg & Kvardag. (Bilde: Lærdal Næringsutvikling)

Han er den nye redaktøren til det populære bygdabladet

Ole Ramshus Sælthun greidde ikkje å halda seg unna skrivinga så altfor lenge.

Lærdal: Snart går første utgåva av bygdabladet Helg & Kvardag med ny redaktør i trykken. Tidlegare journalist Ole Ramshus Sælthun, no arrangementskoordinator i Lærdal kommune, har fått ansvaret for å føra tradisjonane vidare.

–  Alle i Lærdal, i gåseauge, har eit forhold til Helg & Kvardag. Eg høyrer stadig om folk som les bladet frå første til siste bokstav, og at det gir dei litt godkjensle å få det i posten. At det er populært merkar du òg når det er noko folk ikkje er nøgde med. Då seier dei kjapt i frå, seier han.

Nyt eit meir avslappa tidspress

Ramshus Sælthun jobba i Porten.no fram til sist haust. Før det har han vore innom ei rekkje media, mellom anna Sogn Avis og NRK. Han har òg skrive ein krimroman. Difor var det ikkje noko sjokk at skrivekløa til slutt melde seg igjen.

– Det skal bli godt å skriva litt att, absolutt. Så handlar journalistilværet om meir enn berre det, mellom anna har du som regel svært dårleg tid. Det er ofte slik at du føler du ikkje har nok tid til å lesa gjennom det du har skrive nok gonger. Det synst eg er kjekkare med eit slikt blad, du kan bruka litt meir tid, seier han. 

Helg & Kvardag er opphavleg eit kyrkjelydsblad, som Lærdal kommune tok over ansvaret for nokre år tilbake. Det inneheld artiklar og reportasjar, samt informasjon om det som rører seg i kommunen. Det blir sendt ut til nesten tusen husstandar i Lærdal, men òg utflyttarar er abonnentar. Bur du i kommunen er det frivillig om du vil betala for det.

– Me er avhengige av at nok folk er villige til å betala for å halda fram, så me vil gjerne oppfordra fleire til å gjera det, seier Ramshus Sælthun.

Heldig kombinasjon

Den nye redaktøren trur journalistbakgrunnen og stillinga han har som arrangamentsskoordinator i kommunen blir ein nyttig kombinasjon.

– Eg sit tett på næringsliv, kommune og arrangement, så koplinga der blir nok enno sterkare. I i tillegg har eg mine personlege interesser, som jakt, fiske og friluftsliv. Eg skal ikkje la det farga innhaldet alt for mykje, men det vil ikkje bli mindre av det sannsynlegvis. For meg personleg, som er glad i å skriva, så synst eg det var ei fin oppgåva å legga til stillinga, seier han.

Sjølv om bladet kjem ut første veka før påske, skal det vera ferdigstilt til trykk alt neste fredag.

– Så eg byrjar å få dårleg tid, seier redaktøren.

Til toppen