TALENTLEIR: Joachim Furset frå Årdal er utteken til Statoils talentleir som vert arrangert i Porsgrunn i juni. Foto: Jan Ove Skjerping.
TALENTLEIR: Joachim Furset frå Årdal er utteken til Statoils talentleir som vert arrangert i Porsgrunn i juni. Foto: Jan Ove Skjerping.

Han er ein av få som er utteken til talentleir

Joachim Furset frå Årdalstangen fekk ein heilt spesiell beskjed onsdag.

Årdal: Då fekk han nemleg vite at han er utteken til Statoils talentleir i Porsgrunn i juni saman med eit fåtal andre fotballspelarar. 

Her vil talenta få hevde seg på ein arena som er det aller næraste ein 15- og 16-åring kan kome ei landslagssamling. Tidlegare har spelarar som Martin Ødegaard og Mats Møller Dæhlie delteke på slike samlingar.

Furset er ein av sju talent frå Sogn og Fjordane som er plukka ut. I Sogn er også Adrian Solberg og Eivind Helgesen, begge frå Sogndal, også uttekne. 

Skal motivere

– Statoils talentleir handlar om å løfte fram morgondagens fotballheltar og gi dei ekstra motivasjon til å halde fram den gode utviklinga. Held dei utvalde talenta gløden, innsatsen og læringsfokuset på topp, vil dei nå langt, seier Karen Onsager Keiserud, marknadsdirektør i Statoil i ei pressemelding.

Desse få spelarane som er tekne ut kan vente seg lange og tøffe treningsdagar når dei møter eliten på sitt alderstrinn i juni. Leiren vert arrangert i Porsgrunn i slutten av juni, der landslagstrenarar for G15 og G16, Gunnar Halle og Erland Johnsen, er med som trenarar og inspiratorar.

Talenta er plukka ut og vurdert som hakket under landslagsnivå, men all historikk tilseier at det like gjerne er dei som tar dei lengste stega til slutt, går det fram av pressemeldinga. 

Til toppen