PUBLIKUMSPRIS: Ola Moen frå Årdal er ein av ti som kjempar om den gjeve publikumsprisen under Sogndal Filmfestival i neste veke. Foto: Halvor Farsund Storvik.
PUBLIKUMSPRIS: Ola Moen frå Årdal er ein av ti som kjempar om den gjeve publikumsprisen under Sogndal Filmfestival i neste veke. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Han er ein av ti som kjempar om gjev pris på filmfestival​

Ola Moen frå Årdal kjempar om den gjeve publikumsprisen med kortfilmen «Dinosaurs in the disco».

 Sogndal: Om ei veke går Sogndal Filmfestival av stabelen. Festivalen, som vert arrangert av medieelevar ved Sogndal vidaregåande skule, profilerer seg som «Det beste av ung kortfilm på Vestlandet».

Då skal det også delast ut prisar, og kanskje en gjevaste av dei alle er publikumsprisen, som festivalen deler ut i samarbeid med NRK. 

Blant dei ti nominerte til den prisen er årdølen Ola Moen med kortfilmen «Dinosaurs in the disco​». Moen studerer på Westerdals i Oslo og har den siste tida vore i heimbygda for å spele inn ein annan kortfilm om drapet i Nundalen.

40 bidrag

Det kom inn over 40 bidrag frå heile landet til årets festival i Sogndal.

– Desse filmane fordeler seg over fleire sjangrar og det er stort spenn i aldersgruppene til filmskaparane, seier festivalsjef Sunniva Breidvik.

Sjølve utdelinga skjer torsdag i neste veke, og i mellomtida kan ein nytte høvet til å røyste på din favoritt på NRK Sogn og Fjordane. Der kan du også sjå filmane.

Jurysjef Stein Magne Os meiner filmane held høg kvalitet.

– Å sjå korleis dei unge brukar film som utrykksform og gjennom dette få eit inntrykk av kva dei er opptekne av er både spennande og interessant, seier Os.

Til toppen