FANA: Fredrik Flo går på utlån til Fana ut denne sesongen. Han er berre ein av tre spelarar som har blitt klare for utlån i dag. Arkivfoto: Sogndal Fotball
FANA: Fredrik Flo går på utlån til Fana ut denne sesongen. Han er berre ein av tre spelarar som har blitt klare for utlån i dag. Arkivfoto: Sogndal Fotball

Han er ein av tre spelarar Sogndal sender ut på lån

Fredrik Flo, Peter Aase og Simen Brekkhus reiser alle på utlån ut året.

«Fredrik har hatt ein veldig positiv utvikling i tida etter at han signerte kontrakt. Han har lært masse og fått ein profesjonell treningskvardag under huden. Han har vore i ein utfordrarposisjon som spiss, med sterke "konkurrentar", og fått for lite spel på førstelaget»

Slik blir utlånet omtalt på Sogndal Fotball sine nettsider. Dei håpar såleis ein overgang som vil medføra meir speletid blir positivt for den vidare utviklinga til 19-åringen. Dessutan er  Rune Vindheim frå Førde trenar på Fana. Vindheim har mellom fleire andre klubbar, også spelt for Sogndal på tidleg 90-tal.

– Ser fram til moglegheita

– Me har i lang tid hatt eit veldig godt samarbeid med Fana, og når me skulle finne ein utviklingsklubb for Fredrik, var det viktig for oss at han kjem til ein rett klubb, seier sportsleg leiar, Håvard Flo.

– Eg ser fram til denne moglegheiten for spel på eit høgre nivå, og gler meg til å ta fatt i Fana, fortel Fredrik Flo sjølv til sogndalfotball.no

Peter Aase og Simen Brekkhus skal begge til Florø som kjempar om opprykk frå 2. divisjon.

– Eg ser fram til dette, og håpar eg kjem tilbake til Sogndal som ein betre fotballspelar etter å ha fått meir speletid på høgt nivå, fortel Peter Aase til klubbens eigne nettsider.

Simen Brekkhus har liknande tankar om overgangen.

– Eg ønskjer å få høgare tempo i spelet mitt og vil bli råare fysisk. Når eg kjem att neste sesong håpar eg å ha blitt ein sterkare spelar med mykje meir bagasje, sånn at eg kan stille på lik linje med dei andre gutane på Sogndal, seier han til sogndalfotball.no.

Til toppen