BLANT JUVELANE TIL FORTIDSMINNEFORENINGEN: Borgund er den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Men det er ikkje usannsynleg at ho hadde vorte riven ned av styresmaktene om ikkje Fortidsminneforeningen hadde klart å samla inn pengar til å kjøpa ho på midten av 1800-talet.
BLANT JUVELANE TIL FORTIDSMINNEFORENINGEN: Borgund er den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Men det er ikkje usannsynleg at ho hadde vorte riven ned av styresmaktene om ikkje Fortidsminneforeningen hadde klart å samla inn pengar til å kjøpa ho på midten av 1800-talet.

Regjeringa kuttar likevel ikkje vekk museumsmidlane til Fortidsminneforeningen

Besøkssentera til stavkyrkjene i Indre Sogn, Gaupne gamle kyrkje og det gamle bakeriet i Lærdalsøyri er blant bygningane som kunne vorte råka om kuttframlegget hadde fått gjennomslag.

Lærdal:  – Eg synest det er veldig hyggjeleg og bra at støtta til museumsdrift frå i fjor vert vidareført, seier Jon Edvard Tamnes, lærdølen som er dagleg leiar i Fortidsminneforeningen i Sogn og Fjordane.

Fortidsminneforeningen

  • Er ei av verdas eldste foreiningar for vern av fortids- og kulturminne. 
  • Det var den nasjonalromantiske kunstnaren J. C. Dahl som tok initiativ til å skipa foreininga. Han og nokre av hans kunstnarkollegaer fekk foreininga i gong.  
  • Kyrkjelova av 1851 slo fast at alle kyrkjer måtte romma 30% av kyrkjelydane dei tenestegjorde for. Lova vart i praksis ein ordre om å riva stavkyrkjene. J. C Dahl og andre eldsjeler i
  • Fortidsminneforeininga har æra for at mange av stavkyrkjene som me har (blant dei Urnes, Borgund og Hopperstad) finst i dag. 
  • Som einaste utveg for å hindra riving kjøpte dei stavkyrkjene. Men dei fekk berre råd til å kjøpa nokre få. Andre stavkyrkjer som dei ikkje fekk råd til å berga, kjøpte dei inventar frå. Desse er mellom anna utstilte på Historisk Museum i Oslo
    J. C. Dahl jobba òg iherdig med å opplysa om stavkyrkjene sin eigenverdi. Han tala dei gamle trekyrkjene si sak både i Noreg og utanlands, i håp om å få med seg opinionen mot øydinga av dei gamle kulturminna.
  • Utover 1860-talet fekk foreininga stønad over statsbudsjettet, og har hatt det sidan. 
  • Av dei 40 gamle eigedomane som foreininga eig og tek vare på, finn me fire inst i Sogn: Gaupne gamle kyrkje, Borgund stavkyrkje, Urnes stavkyrkje og den gamle bakeribygningen på Lærdalsøyri.
  • I tillegg til å eiga desse bygningane i Indre Sogn, har foreininga avtale med Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd om å stå for besøks- og turistdrifta av Kaupanger stavkyrkje. 
    Litt lenger ut Sognefjorden eig foreininga Hopperstad stavkyrkje i Vik, og driftar Hove steinkyrkje. 
  • Foreininga har også engasjert seg i å ta vare på mindre bygningar som gardar, bygardar, setervollar og telefonkioskar. Til dømes har foreininga gjort mykje for bygningane på Sinjarheim gard i Aurland.  

Høgre og Framstegspartiet tok til orde for å kutta vekk dei ekstra fem millionar kronene Fortidsminneforeningen hadde bede om å få til museumsdrift for 2018, og som foreininga fekk i 2017.

Men etter regjeringstingingar med Venstre og KrF har dei to blåe partia snudd i saka, har NRK kunne melda

Tamnes seier det kjem godt med, ettersom Fortidsminneforeininga er i ein prosess der dei byggjer opp ein felles museumsinstitusjon for alle dei 40 bygningane som dei eig. 

- Me har bygd opp ei eiga museumsavdeling på kontoret i Oslo. Og det krev pengar å byggja opp museumsdrift, seier Tamnes. 

Skal leggja betre til rette for auka turisme

Han opplyser at foreininga ynskjer å betra besøksfasilitetane ved dei 40 bygga som dei eig vide ikring Noreg. I tillegg driv foreininga med kunnskapsformidling i større grad enn tidlegare, og dei ekstra løyvingane kjem vel med til det òg.

Tamnes seier at det er viktig å leggja godt til rette for å ta unna for turistflaumen, slik at han ikkje går ut over bygningane.

Fylkesleiaren for Fortidsminneforeningen poengterer at det er ein balansegang i dette å sleppa til turistane, men likevel taka vare på bygningane. 

- Me kan ikkje tillata slitasje som øydelegg kulturminna. Me vil at turistane skal kunna oppleva dei gamle bygningane utan å skada dei, seier han. 

Til toppen