ORDFØRARKANDIDAT: Geir Arve Sandvik er Luster Høgre sin førstekandidat til ordførarkandidaturet.
ORDFØRARKANDIDAT: Geir Arve Sandvik er Luster Høgre sin førstekandidat til ordførarkandidaturet. (Foto: Linda Watten / Sognekraft)

Han er innstilt som ordførarkandidat i Luster Høgre

Geir Arve Sandvik (52) er Høgre sin ordførarkandidat i Luster framanfor valet neste år.

Luster: Det skriv Luster Høgre i ei pressemelding torsdag. 

Sandvik har lang erfaring frå politikken, og har blant anna vore 12 år i kommunestyret og 12 år i formannskapen. Han var òg varaordførar i Luster mellom 2011-2015. 

– Eg synst dette er spanande, seier Sandvik til Porten.no.

Luster Høgre er særs nøgde med at han er motivert for ein ny periode i politikken, og meiner han har dei beste føresetnadane for å bli ein god ordførar for Luster dei neste åra, heiter det i pressemeldinga. 

Vil jobba for skule og næring

I pressemeldinga løftar partiet fram at Sandvik vil jobba for å utvikla Luster som ein god stad å bu og gå på skule. Han vil òg jobba for etablering og drift av næring.

Han er sterkt imot at det er innført allmenn eigedomskatt i kommunen, har som mål å fjerna eigedomsskatt på bustader og næringseigedom, heiter det. 

Til toppen