FLOTT STUND: Magnus Grønneberg skapte ei flott stund i Kulturhuset onsdag kveld. Foto: Andreas Aannevik
FLOTT STUND: Magnus Grønneberg skapte ei flott stund i Kulturhuset onsdag kveld. Foto: Andreas Aannevik

«Han er jo dødsrå!»

Onsdag kveld tok Magnus Grønneberg Årdalspublikumet med på ei reise i musikkaririera hans. 

Årdal: Omkring 160 tilskodarar tok turen til Årdal Kulturhus då Magnus Grønneberg heldt akustisk konsert onsdag kveld. Grønneberg framførte låtar frå heile musikkhistoria si. Responsen frå dei frammøtte var meget bra, medan artisten spelte songar frå både CC Cowboys og  hans eigne utgjevingar.

Han hadde god kommunikasjon med publikum under heile konserten. Mot slutten av konserten kom nokre fans med eigne ynskjer om kva Grønneberg skulle spele. 

Fin oppleving

Dei frammøtte seier at konserten var ei fin oppleving, og at vokalisten har ei formidlingsevne utanom det vanlege. Geir Frode Breivik seier han fekk eit godt inntrykk av artisten i TV-programmet «Hver Gang Vi Møtes.»

– Eg var litt skeptisk sidan det berre var han og gitaren, men dette var ei koseleg stund. Vokalisten har ei veldig god formidlingsevne, og tekstar som ein blir truffen av. Konserten levde opp til forventningane, og vel så det. 

Marit Bukve synest at Grønneberg har ei unik formidlingsevne, noko som skapte ein fin konsert.

– Han har veldig sterke tekstar, som han formidlar godt. Artisten er veldig behagelig som person. Dette var ein fin konsert. Han er jo dødsrå!

Les også: Skal spele songane slik dei er spelt ved kjøkkenbordet

Artikkelen held fram under biletet.

Magnus Grønneberg
ALEINE: Grønneberg framførte låtane heilt aleine med gitaren sin.
Foto: Andreas Aannevik

Artisten seier sjølv at han koste seg under konserten, og at dei frammøtte lytta veldig til han. 

– For det første var dette ei fin oppleving, med gode forhold på alle måtar. Publikumet var utruleg lydhøyre medan eg spelte. Dei var så stille at eg fekk ein følelse av at det var søndags morgon. Men applausen fekk fram at folka i salen var fornøygd.

Til toppen