NY TRENAR: Nils Tore Krosshaug gler seg til å ta G19 og Sogndal 2 vidare som ny fotballtrenar.
NY TRENAR: Nils Tore Krosshaug gler seg til å ta G19 og Sogndal 2 vidare som ny fotballtrenar. (Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball)

Han er klar for å ta tak i jobben som trenar for Sogndal 2 og cupvinnarane G19

Etter G19-laget sin cupfinalesiger mot Rosenborg, vart det kjent at fotballtrenar Håvard Hatle slutta.

Sogndal: No er Nils Tore Krosshaug klar for å steppa inn i rolla om å leia Sogndal 2 og G19-laget vidare. Det skriv Sogndal fotball på sin heimestad

Krosshaug, som er frå Leikanger, har dei siste åra jobba ved utviklingsavdelinga i Sogndal som trenar og spelarutviklar. 

– Eg ser det som ein kjempeutfordring å få ta det gode arbeidet som er gjort i 2018 vidare, seier han. 

Tett samarbeid med A-laget

Sogndal 2 / G19-laget la ein imponerande sesong bak seg før jul. Dei vann NM-gull i meisterskapen, og tok krona i Skandinavisk Meisterskap. 

I pressemeldinga seier Krosshaug at han ser fram til å jobba med laget. 

– Det er ein kjempeflott gjeng med svoltne gutar som vil bli fotballspelarar, og eg ser verkeleg fram til å få vera med på å påverka dei og hjelpa dei på vegen slik at dei kan nå sine mål, seier Krosshaug. 

Han er klar på at det framleis vil vera tett samarbeid mellom A-laget og Sogndal 2.

– Me må trena som me skal spela. Me ønskjer å vera så like 1. laget som mogleg, dette vil gå att i både trening og kamp, seier han. 

Han fortel at hovudmålet er å utvikla gode fotballspelarar, og at det hadde vore kjekt å få lokale spelarar frå Sogndal 2 inn på A-laget. 

Til toppen