KRITISK: Tidlegare kommunestyremedlem, Geir Sandvik (Frp), er kritisk til at ei parkeringsavgift kan bli innført for å realisere ein skyttelbuss i Årdal. Han ber dei folkevalde no om å gjere ein grundig jobb med å undersøke saka før dei bestemmer seg for noko. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KRITISK: Tidlegare kommunestyremedlem, Geir Sandvik (Frp), er kritisk til at ei parkeringsavgift kan bli innført for å realisere ein skyttelbuss i Årdal. Han ber dei folkevalde no om å gjere ein grundig jobb med å undersøke saka før dei bestemmer seg for noko. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han er kritisk til ei parkeringsavgift​

Tidlegare kommunestyrerepresentant, Geir Sandvik (Frp), ber politikarane gjere grundige undersøkingar før dei seier ja til å innføre parkeringsavgift.

Årdal: Sandvik sat i kommunestyret i Årdal i førre periode og er no ute, men han vil gjerne ha eit ord med i laget når ei mogleg parkeringsavgift kan bli innført i Årdal for å finansiere ein skyttelbuss.

Skyttelbuss-prosjektet går fleire år tilbake i tid, og målet med bussen er å redusere avstanden mellom dei to tettstadane Øvre Årdal og Årdalstangen, gjere handel og offentlege tenester meir tilgjengeleg, samt å kople Seimsdalen og Utladalen betre på sentrumsområda. 

Grundige undersøkingar

Prosjektet vart løfta fram att då innbyggjarundersøkinga vart drøfta i finansutvalet denne veka. Mange ønskjer seg ein slik buss, men då må prosjektet finansierast. Ei mogleg løysing er parkeringsavgift.

Det har ikkje Frp-politikaren særleg sansen for, og han ber no dei som skal bestemme dette om å gjere grundige undersøkingar før dei vurderer å seie ja.

Artikkelen held fram under biletet.

PARKERINGSAVGIFT: Ei parkeringsavgift kan bli innført for å realisere ein skyttelbuss i Årdal. Sandvik stiller seg kritisk til avgifta og ber dei folkevalde gjere gode undersøkingar før dei bestemmer seg. 
PARKERINGSAVGIFT: Ei parkeringsavgift kan bli innført for å realisere ein skyttelbuss i Årdal. Sandvik stiller seg kritisk til avgifta og ber dei folkevalde gjere gode undersøkingar før dei bestemmer seg. 

– Eg trur ikkje det er gjort gode nok undersøkingar når det kjem til kost/nytte. Dessutan har det tidlegare blitt bomma grovt på kostnadsrekning når det gjeld andre prosjekt her i bygda, seier han. 

Reknestykket

Årdal Utvikling har utgreidd ein skyttelbuss, der ein har definerte avgangstider samordna med eksisterande rutetabell. Dette utgjer årleg om lag 1,2 millionar kroner i driftskostnader. 

I tillegg kjem etableringa av eit parkeringsselskap, anten som eit kommunal foretak eller aksjeselskap. Tal som Porten.no har fått tilgang til syner at det krevst om lag 2,2 millionar kroner i investeringar i parkeringsautomatar, datautstyr, skilting og etablering av parkeringsplassar for pendlarar frå dalane.

Driftskostnadene i året vil ligge på rundt 2,8 millionar kroner med venta inntekter på 4,2 millionar i året. Desse tala vart oppdatert i 2016, opplyser Terje Laberg i Årdal Utvikling som er prosjektleiar. I forstudien står det at «erfaring frå andre kommunar viser god økonomi i parkeringsselskap». 

VANAR: Ei parkeringsavgift må til først og fremst for å endre vanane til folk, meiner Terje Laberg.
VANAR: Ei parkeringsavgift må til først og fremst for å endre vanane til folk, meiner Terje Laberg.

Skal endre vanane til årdølene

Laberg seier til Porten.no at målet er å finansiere skyttelbussen med passasjerinntektene og at utfordringa difor er enkel. Korleis skal ein få nok passasjerar på bussen til at inntektene vert større enn kostnadane?

– Skal årdølene flytte frå bil til buss, så må me til med same tiltaka som alle andre nyttar; Prisen på å bruke privatbil må opp og bli større enn prisen på å ta bussen. Nasjonalt så legg regjeringa opp til dette i form av sin bilpolitikk, men me har ei gråsone på elbilar, seier han.

– Lokalt har me berre innføring av parkeringsrestriksjonar som verkemiddel for å endre vanane til folk. Parkeringsavgift kan sjølvsagt sjåast på som eit verkemiddel for å finansiere bussen, men det er først og fremst eit tiltak for å endre vanane til årdølene.

– Utfordringa for kommunen er jo at å innføre skyttelbuss, utan å samstundes innføre tiltak for å endre vanane til folk, medfører at kommunen nyttar 1–3 millionar årleg på ein dieselbuss som går mellom tettstadane utan passasjerar. Dette er vert politikk utan mål og meining, legg han til. 

BESTEMME SJØLV: Sandvik meiner folk må få bestemme sjølv om dei ønskjer å nytte bilen eller ei. 
BESTEMME SJØLV: Sandvik meiner folk må få bestemme sjølv om dei ønskjer å nytte bilen eller ei. 

– Folk må få bestemme sjølv

Bussen har også eit miljøperspektiv, der tanken er å få fleire til å droppe bilen og heller køyre kollektivt. 

– Kva med miljøgevinsten, Sandvik?

– Viss folk vil køyre bil, kan dei berre køyre bil for meg. Eg trur ikkje på dei menneskeskapte klimaendringane. Det jo nok at ein vulkan slepp ein fjert, så har du CO2 så det held. Det må vere opp til folk sjølve å bestemme om dei vil køyre bil eller ikkje. 

– Kva med at avgifta skal endre vanane til folk?

– Eg har inntrykk av at folk som bur i sentrumsområda kanskje ser det som ein fordel at me som bur i dalane skal ta bussen til butikken for å få vekk trafikken. Det er lett å seie for dei som bur i sentrum. Det er verre for oss som er meir avhengig av bil fordi me bur eit stykke frå sentrum, seier han.

Avgifta kan nyttast til oppgradering av sentrum

I reknestykket er det lagt inn føresetnad om gratis parkering i ei viss tid med timeparkering på 12 kroner i sentrum og 60 kroner i døgnet. Men ny teknologi gjer det mogleg å bruke ein app på telefonen som gjer at ein kan avslutta parkeringa når ein er ferdig. Då betalar ein berre for den tida ein faktisk står parkert.

– Det er ikkje store summane det er snakk om eigentleg, men det er jo litt styr med det også. Sjølv om det er ein app, så må ein inn på telefonen. Det spørs om ein får dekt opp skyttelbuss med avgifta, spesielt viss det er avgiftsfritt dei første timane, seier Sandvik, som også fryktar eit voldsomt press på sidegater fordi folk heller vil parkere der. 

Til det svarar Laberg at handelen vil bli med på å gi råd om kor lenge gratisparkeringa skal vare. Kva parkeringsplassar dette skal gjelde, må det forhandlast om, fortel han og legg til at dei vil prøve å få med alle – også private.

– Det optimale scenariet for dette i framtida, vil jo vere at passasjertalet betaler for bussen, og at parkeringsinntektene i parkeringsselskapet ikkje treng å bli nytta til tilskot til drift av bussen, men tvert imot til å drifte eit oppgradert sentrum for både innbyggarar og besøkande, seier han og føreslår at pengane kan brukast til pynting av sentrum, offentlege toalett og aktivitetar som klatrepark.

Til toppen