STILLER TIL VAL:  Jan Ove Lomheim (midten) vart valt til førsteplassen på vallista for Luster Venstre. Her med Kjetil Melheim (venstre) og Abdirahman Abdullahi Dahir (høgre).
STILLER TIL VAL: Jan Ove Lomheim (midten) vart valt til førsteplassen på vallista for Luster Venstre. Her med Kjetil Melheim (venstre) og Abdirahman Abdullahi Dahir (høgre). (Foto: Luster Venstre)

Han er Luster Venstre sin førstekandidat for ordførarrolla

Jan Ove Lomheim (66) har vore i politikken i Luster i nesten 30 år. No ønskjer han å bli ordførar.

Luster: Det vart avgjort under nominasjonsmøte i partiet i helga. 

Lomheim vert omtala som veteran i lokalpolitikken, og har vore med i kommunestyret i 28 år.

– Luster Venstre er glad for at Jon Ove stiller igjen, og har fått meir kapasitet til politisk arbeid i høve jobb. Nominasjonsmøtet var også nøgde med at fleire melde seg for å stille høgt oppe på lista og arbeide aktivt i partiet, heiter det i pressemeldinga. 

Partiet melder at dei er nøgde med variasjon i både alder og geografisk plassering, samt brei yrkeserfaring. Samt at nye innflyttarar òg har stilt på vallista.

Sjekk heile lista:

1. Jon Ove Lomheim, 1953, Hafslo

2. Kjetil Melheim, 1979, Lambhaug

3. Sandhya Karlsen Holene, 1984, Hafslo

4. Einvald Søreide Erichsen, 1977, Høyheimsvik/ Luster

5. Jannike Skår, 1970, Solvorn

6. Abdirahman Abdullahi Dahir, 1977, Gaupne

7. Steinar Bruheim, 1955, Jostedal

8. Øyvind Hatevoll, 1957, Ornes

9. Liv Norunn Hunshamar, 1961, Høyheimsvik/ Luster

10. Geirr Vetti, 1961, Skjolden

11. Judith Gausdal, 1958, Hafslo

12. Petter Lie, 1975, Jostedal

13. Eirik Kvalen, 1954, Gaupne

14. Gudny Alme, 1950, Luster

15. Olav Krokgilgja Stølen, 1931, Jostedal

16. Monika Alvestad Reime, 1977, Hafslo

17. Elen Johanne Øygard, 1938, Mollandsmarki

18. Vidar Aasen, 1979, Jostedal

19. Kari Lavoll, 1953, Luster

20. Øyvind Kvalen, 1955, Ornes

21. Mary Aasen, 1952, Jostedal

22. Kari Beheim Karlsen, 1954, Hafslo

23. Knut Røneid, 1965, Gaupne

24. Tordis Skjerdal Rauboti, 1954, Solvorn

Til toppen