EKSPERTUTVAL: Fylkesrådmann Tore Eriksen er med i ekspertutvalet regjeringa har sett ned til å vurdere fleire oppgåver til dei nye fylkeskommunane. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
EKSPERTUTVAL: Fylkesrådmann Tore Eriksen er med i ekspertutvalet regjeringa har sett ned til å vurdere fleire oppgåver til dei nye fylkeskommunane. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Oskar Andersen)

Han er med i ekspertutvalet til regjeringa

Fylkesrådmann Tore Eriksen er med i ekspertutvalet regjeringa har sett ned til å vurdere fleire oppgåver til dei nye fylkeskommunane.

Leikanger: Fylkesordførar Jenny Følling meiner det positivt for Sogn og Fjordane at Eriksen er med i ekspertutvalet – som einaste fylkesrådmann.

– Dette er ei fjør i hatten for fylkeskommunen, og det arbeidet me har gjort med regionreforma så langt. Me har gjennomført forhandlingar med fleire fylke og har ein vedteken intensjonsplan om samanslåing med Hordaland, seier Følling.

Eriksen sjølv ser fram til å ta fatt på arbeidet.

– Det er eit breitt samansett utval. Her har regjeringa samla medlemmar med både praktisk og forskingsbasert kompetanse. At fylkeskommunen er representert, er svært positivt. Det er me som veit kvar skoen trykker, me som jobbar dagleg med oppgåver og utfordringar for det regionale folkevalde nivået, seier han.

Skal føreslå oppgåver

Stortinget vedtok 8. juni den nye fylkesstrukturen, som deler Noreg inn i elleve regionar frå 1. januar 2020. Med denne strukturen på plass, skal ekspertutvalet føreslå oppgåver som kan

  • styrke samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunane
  • gi ei meir brukarnær forvaltning
  • sikre offentleg ressursbruk
  • betre tenestene for innbyggarar og næringsliv

Heile ekspertutvalet ser slik ut:

  • Professor Terje P. Hagen (Universitetet i Oslo) – leiar
  • Førsteamanuensis Jon P. Knutsen (Universitetet i Agder)
  • Professor Anne Lise Fimreite (Universitetet i Bergen)
  • Forsker I Gro Sandkjær Hansen, Oslo (Høgskolen i Oslo og Akershus)
  • Pensjonist, tidlegere avdelingsdirektør i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Christine Hjortland
  • Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen
  • Pensjonist, tidlegere fylkesmann i Troms, Svein Ludvigsen

Utvalet skal avslutta arbeidet sitt innan 1. februar 2018.

Til toppen