Sogndal: Ei plastikkflaske forsvinn ned i søppelsekken. Så ein bit asfalt. Fem år gamle Gunnar Riiser har eit skarpt blikk.
Å plukka søppel har han ingenting imot.
– Eg likar det, fordi eg er glad i naturen og det som veks der, seier han.
Han er ein av seks ungar i Sogndal studentbarnehage som har den stolte tittelen miljøagent. Det betyr at dei har eit ekstra ansvar for å passa på miljøet, både når dei er heime og i barnehagen.

– Eg hjelper jorda med å leva og ikkje få feber, forklarer han.
Einaste i Indre Sogn
Onsdag tok heile barnehagen del i den landsdekkande ryddedugnaden.
For dei fleste andre er det ei spesiell hending, for ungane her er det daglegdags å passa på planeten.
– Etter det eg veit er me den einaste barnehagen i Indre Sogn som er miljøsertifiserte. Det er me ganske krye av, seier Benedikte Brenden, styrar i studentbarnehagen.
Miljøsertifiseringa betyr at dei har ei rekkje krav dei må innfri, som at dei må kjeldesortera, passa på forbruket av vatn og straum, vera flinke på gjenbruk, og gå over til elbilar når dei gamle skal bytast ut, for å nemna noko.
Sjølv om dei er vande med å tenka miljø, tykkjer Brenden det er ekstra stas å ta del i ein slik nasjonal dugnad.
– Dersom alle må stilla på eige initiativ, så blir det kanskje berre nokre få som gjer det. No får det mykje meir merksemd, det skapar engasjement og folk får lyst til å vera med og bidra, seier ho.

– Dårleg gjort
Å ha miljøagentar er ikkje noko krav for å vera eit miljøfyrtårn, men noko barnehagen sjølv ønskjer. Dei vil at ungane skal læra verdien av å ta vare på naturen. Og som med alt anna, lærer du best ved å gjera ting i praksis.

– Det får dei gjennom å vera miljøagentar, seier Brenden.
I tillegg til ei rekkje andre oppgåver, er miljøagentane jamnleg ute og plukkar bos rundt barnehagen. Likevel måtte dei ikkje gå langt for å fylla søppelsekkane då dei var ute på dugnadsaksjonen torsdag.
– Det er dårleg gjort. Dei burde ha funne ei søppelkasse, for det er jo ei rett der borte. Dei kunne berre ha gått litt lenger, i staden for å kasta det på bakken, seier agent Riiser.
Gunnar Riiser.