OFFISIELT: Etter å ha vore fungerande dagleg leiar i 17 månader, fekk no Torgeir Skålid jobben etter ein grundig rekrutteringsprosess.
OFFISIELT: Etter å ha vore fungerande dagleg leiar i 17 månader, fekk no Torgeir Skålid jobben etter ein grundig rekrutteringsprosess. (Foto: Sogn Næring)

Han er ny dagleg leiar i Sogn Næring

No går Torgeir Skålid offisielt inn i rolla, etter å ha vore fungerande dagleg leiar i 17 månader.

Sogndal: Tiltredinga gjeld frå 1. januar i år etter ein rekrutteringsprosess før jul, går det fram av ei pressemelding. 

Det var totalt 10 søkjarar på stillinga og fleire aktuelle kandidatar.

47 år gamle Skålid har mykje erfaring frå ulike rollar i miljøet på Fossaugane Campus. Sidan 90-talet har han vore sentral i utviklinga av Sognahallen, Idrettssenteret, Sogndal fotball, Bratt moro og Sogn Næring.

– Å få fornya tillit er godt. Det gjer meg endå meir motivert til å gjere ein viktig og grundig jobb. Det bobler i næringslivet vårt om dagen, og eg er veldig klar for å setje i gang med alt det spennande som skjer, seier Skålid. 

Ein grundig tilsetjingsprosess 

Styreleiar Agnar Holen og nestleiar Cecilie Njøs har, saman med Adecco Sogndal, leia tilsetjingsprosessen på vegne av styret. Og etter ein grundig vurdering var rekrutteringsnemda og styret samde.

– Me har valgt Torgeir Skålid som den beste kandidaten. Etter å ha vurdert alle aktuelle kandidatar, viste Torgeir seg å matche behova til næringsselskapet på beste måte. Han har relevant bakgrunn, erfaring og riktig motivasjon, seier Agnar Holen, styreleiar i Sogn Næring.

Til toppen