NY LEIAR: Arne Håkon Laberg blei valt inn som ny leiar i idrettsrådet i Årdal torsdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NY LEIAR: Arne Håkon Laberg blei valt inn som ny leiar i idrettsrådet i Årdal torsdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Han er ny leiar i idrettsrådet

Arne Håkon Laberg er vald inn som ny leiar i idrettsrådet i Årdal.

Det blei klart torsdag under årsmøtet til idrettsrådet. Laberg var innstilt av valnemnda og røysta inn einstemming. Han tek dermed over stafettpinnen etter Magne Knudsen frå ÅTIL. 

– Det som gjer at ein har motivasjon til å hoppe på ein toårsperiode er aller viktigast at eg ser at det må gjerast noko på anleggssida. Det er der det meste av fokuset vil ligga; utvikla anlegg og setja i gong ein del gode prosessar for å få både laga nye anlegg og få opp driftsformen på dei eksisterande, seier Laberg til Porten.no.

I dag er det kommunen som eig idrettsanlegga. Til stades på møtet var blant anna Marie Helene Hollevik Brandsdal, som sit i ei ressursgruppe som skal jobba tett med idretten i Årdal.

– Me må bli einige med dagens eigar om korleis me best mogleg kan drifta og vedlikehalde anlegga og eventuelt nye, held Laberg fram.

– No har Årdal kommune oppretta ei ressursgruppe som skal vera ein samtalepartner og drifkraft frå eigarane, altså kommunen. Og så blir det ein tett dialog med dei og gå inn i utfordringane, og det kan vera alt frå å sjå kva Årdal kommune kan bidra med og eventuelt om ein kanskje skal sjå på eigarskap. Det vil vera ein del av jobben.

Hovudsaka for det førre styret i idrettsrådet var det samstemte pålegget om å sjå på samarbeidsområde mellom idrettslaga i kommunen. I årsmeldinga for 2014 heiter det at dette «diverre kom ikkje dette arbeidet i mål, då det ikkje var ønskjer frå Jotun om å gå vidare med dette».

Laberg seier han ikkje kjem til å prioritere dette arbeidet utover det som allereie er sagt.

– Fordi Idrettslaget Jotun hadde dette oppe i sitt hovudstyre på slutten av 2014, og der vart det nesten einstemmig vedteke at dagens organisering skal halde fram, men sjølvsagt ser ein på samarbeidsmodellar slik ein alltid har gjort, seier han.

Det var ikkje berre Laberg som var ny i styret. I tillegg blei Johnny Svåi og Hilde Eldegard, begge frå ÅTIL, valt inn. Arnt Stølen Moen frå Jotun held fram, medan det ikkje vart bestemt kven som skulle få den siste plassen som Geir Kjetil Øvstetun i Årdal Fotballklubb har hatt.

Den plassen kan også Tangen køyre- og rideklubb få, og dette blir bestemt innan dei neste tre vekene.

Til toppen