LEIAR: Trygve Skjerdal er ny leiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap
LEIAR: Trygve Skjerdal er ny leiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap (Foto: Arkiv)

Han er ny leiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap

Det kjem fram i ei pressemelding.

Aurland: Ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal, er valt til ny leiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap. Medan ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, vart på same tid valt til nestleiar. Hovudsekretariatet følgjer leiar, og vert frå og med i dag, lagt til stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark for dei neste to åra.

Viktig rolle og stort ansvar

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har som si fremste oppgåve å arbeide for å ivareta og fremja av verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap.

– Verdsarvrådet si viktigaste oppgåve er å bidra til å ta vare på vårt verdfulle og vakre fjordlandskap. Både vår generasjon og komande generasjonar skal kunne oppleve desse unike verdiane, og samstundes få ei stadfesting på kor viktig kombinasjonen av busetnad, næring, naturbruk og tradisjonar har vore, og er, for å ta vare på dette landskapet. Som leiar i rådet skal eg arbeide aktivt for å videreføre dette, seier Skjerdal.

Vidare i pressemeldinga fortel den nye nestleiaren at verdsarvrådet har ei svært viktig rolle og eit stort ansvar.

– Rådet skal bidra slik at det vestnorske fjordlandskapet vert forvalta på ein berekraftig måte. Vi skal ta vare på desse unike kvalitetane til glede for både samtidige og framtidige generasjonar. Å bli valt inn i leiarskapet for Verdsarvrådet er sjølvsagt både ei stor ære og eit stort ansvar. For meg er dette arbeidet svært viktig, og eg ser fram til det vidare arbeidet i rådet, seier Hove.

Til toppen