NY STYRELEIAR: John Normann Melheim er vald som ny styreleiar i Indre Sogn ASVO. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NY STYRELEIAR: John Normann Melheim er vald som ny styreleiar i Indre Sogn ASVO. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Han er ny styreleiar i ASVO

John Normann Melheim er vald som ny styreleiar i Indre Sogn ASVO. 

Årdal: Det vart bestemt då formannskapet i Årdal møttest denne veka. Han får med seg Siv Bakken som styremedlem, medan Erling Offerdal blir vara.

I tillegg til dei to frå Årdal kommune skal Hydro Aluminium peika ut eit styremedlem. 

Sjølve styrevalet finn stad på generalforsamlinga til ASVO. Der trer noverande styreleiar Svein Arve Grindhaug av etter fleire år i styret.

Indre Sogn ASVO AS vart etablert i 1996 som eit aksjeselskap, eigd av Årdal kommune og Hydro Aluminium AS

Eit godt samarbeid med kommunen, Hydro og næringslivet elles, har gjort det mogleg med varierte oppgåver og arbeidsforhold for dei tilsette.

Selskapet tilbyr tilrettelagt arbeid på ein slik måte at det er med på å kvalifisere og utvikla ressursar hjå den einskilde.

Til toppen