NY TRENAR: Morten Brandsdal skal leia Årdal FK inn i tredje divisjon. Han brenn for å få til auka samarbeid mellom dei tre klubbane i bygda.
NY TRENAR: Morten Brandsdal skal leia Årdal FK inn i tredje divisjon. Han brenn for å få til auka samarbeid mellom dei tre klubbane i bygda. (Foto: Alf Roger Lereng)

Han er ny trenar for Årdal FK: – Vil skapa ein betre kvardag for ungdomen i bygda

Morten Brandsdal skal leia laget opp og fram i 3.divisjon.

Årdal: Etter opprykket til 3.divisjon vart realitet i oktober, takka trenar Ivan Øy for seg. No har fotballgruppa funne erstattaren, nemleg Morten Brandsdal. 

– Dette er sjølvsagt spennande! Det er ein stor tillit å få, seier Brandsdal til Porten.no. 

Ungdomen i fokus

Med seg i teamet har han kompis og tidlegare medspelar Ole Gunnar Hunderi, som assistenttrenar. Duoen herja saman på mange fotballbaner i kretsen for ein handfull år sidan. 

Brandsdal fortel at han har vore i møter med dei tre klubbane i bygda Jotun, Åtil og ÅFK, og at dei har lagt planar for framtida.  

– Det blir spennande, me har ein del klare tankar. Me går inn i dette her for å skapa ein betre kvardag for ungdomen i bygda i forhold til rekrutteringslaget og vidare samarbeid med både Jotun IL og Årdalstangen IL. Det ligg ein god samarbeidsavtale til grunn, så me ønskjer å utnytta den og dra i same retning, seier Brandsdal.

Aktiv fotballkarriere

Brandsdal har ein lang fartstid innan fotballen. Han var stjerne på det aldersbestemte landslaget frå han var 15 år til 18 år. Han spelte for Arna-Bjørnar før han blei henta til storklubben Brann som 17-åring.

To år seinare gjekk turen til Sogndal og innom Sandnes/Ulf før han hamna i 2.divisjon med Jotun IL. 

No jobbar han som bilselgar for Indre SognBil, men det er ikkje så altfor lenge sidan at han la fotballskoa på hylla. For ni år sidan spelte han sin siste kamp, ifølgje Sogn Avis, som først melde om saka.

– Eg var ein aktiv spelar lenge, og fekk oppleva mykje forskjellig, seier han. 

– Korleis blir det å steppe inn i trenarrolla? Korleis har du blitt motteke av spelarne?

– Dette er enno så ferskt at eg ikkje har fått helsa på heile gjengen. Men spelarane som eg har snakka med, har teke dette veldig godt i mot. Eg ser fram til å byrja å jobba, seier han.  

– Skal jobba hardt og hoppa i det

Brandsdal er klar over at det er ein merkbar nivåforskjell frå 4.divisjon til 3.divisjon, kalla Norsk Tipping-ligaen, men det vil han ikkje dvele på. 

– Det er eit stort hopp opp til 3.divisjon, men det ønskjer me ikkje fokusera på. Det hoppet får me ikkje gjort så mykje med. 

– Me veit at det blir ein utfordring. Me skal jobba og vera så godt budde som me kan vera, og så skal me hoppa i det og gå positivt til verks, seier han. 

Til toppen