GLAD: Miguel Maureira (t.v.) var ikkje i tvil om at han skulle takke ja til jobben som hovudtrenar for herrelaget til IL Høyang.
GLAD: Miguel Maureira (t.v.) var ikkje i tvil om at han skulle takke ja til jobben som hovudtrenar for herrelaget til IL Høyang. (Foto: Stig Høynes/www.haugenfotball.no)

Han er ny trenar for Høyang: – Gledar meg som ein liten unge

Miguel Maureira blir ny hovudtrenar for IL Høyang sitt herrelag i 4. divisjon.

Høyanger:  – Eg gledar meg som ein liten unge til å ta over trenarjobben. Eg liker å vere i felten og plar seie at eg har ein fotball der eg har hjartet, seier ein glad Miguel Maureira til Porten.no. 

Han tek over som høyangtrenar etter å ha vore assistenttrenaren til Leif Arne Tveit dei siste to seongane. Han får med seg Jarl Ulvestad som ny assistenttrenar, og Mauricio Hernandez held fram som keepertrenar, skriv Ytre Sogn.

Tore Ytredal som er leiar i fotballgruppa til IL Høyang er nøgd med å ha fått med seg Maureira som ny hovudtrenar.

– Det var også naturleg at han overtok, etter to sesongar som assistenttrenar, og vi er veldig fornøgde med at han sa ja, seier Ytredal til Ytre Sogn.

Maureira har tidlegare vore trenar for aldersbestemte lag i Høyang, både smågutar, lillegutar og juniorar. Han spelte også på laget i seks-sju år på 1990-talet, før han melde overgang til Vadheim. 

– Er Høyang-gut

Maureira fortel at han er Høyang-gut i hjartet og har vore innom dei fleste lag og spelt sidan han kom til Høyanger på nittitalet. Det var difor naturleg for han å seie ja til å ta over rolla som hovudtrenar då han fekk tilbodet. 

Han seier at det alltid vert endringar når det kjem ny trenar, men han har saman med tidlegare trenar Leif Arne Tveit utvikla ein plan. 

Eit mål for laget er å halde seg i fjerdedivisjon og etablere seg der skikkeleg. Det er berre to år sidan dei rykte opp etter å ha vore i femtedivisjon. 

Vil bli betre på bortebane

Noko av det laget må jobbe med framover er å verte betre på bortebane, ifølgje Maureira. 

– Me har vore ganske dårlege på bortebane, og har mykje å hente der, seier han. 

Den ferske hovudtrenaren vil ikkje røpe for mykje av strategien til laget framover, men kan fortelle at det kan bli endringar i både formasjon og andre ting.

– Det er noko me må tenkje meir på, seier Maureira. 

Til toppen