Lærdal: Tysdag kveld møtte medlemma i Lærdal Senterparti til nominasjonsmøte framanfor kommunevalet i haust.
Der vart det avgjort at noverande ordførar Jan Geir Solheim, igjen står på førsteplassen for ordførarkandidaturet for partiet.
– Det vart eit godt arbeidsmøte, og me er nesten klar med vallista. Jan Geir Solheim er Senterpartiet sin førstekandidat, seier Viktor Yttri til Porten.no i ein sms etter møtet.
Han fortel at det står att nokre justeringar på resten av vallista, men at det vil vera 23 namn totalt.
– Det er ei liste med god breidde geografisk i bygda, god balanse mellom kjønn og me har fått med oss mange unge, seier Yttri.
Vil ta ein ny periode
Tidlegare i januar sa Solheim til Porten.no at han ønskja å stille til attval. Han har lagt bak seg åtte år som ordførar i Lærdal. Då me først nådde ut til ordføraren rett etter nyttår, hadde han ikkje bestemt seg.
– Eg har gått eit par rundar med meg sjølv, og føler meg svært motivert til å stilla som ordførarkandidat ved neste val, sa han då.
I tida framover vil han mellom anna jobba mykje med utvikling, drift og framgang i næringslivet.
– Det har vore mange grunnar til at me ikkje har fått til det i Lærdal tidlegare, men no ligg mykje til rette for å få det til betre enn nokon gong.