DELT TRIO: Leikangerordførar Jon Håkon Odd, sogndalordførar Jarle Aarvoll og lusterordførar Ivar Kvalen hadde forskjellige syn på kommunekartet fylkesmannen presenterte i dag.
DELT TRIO: Leikangerordførar Jon Håkon Odd, sogndalordførar Jarle Aarvoll og lusterordførar Ivar Kvalen hadde forskjellige syn på kommunekartet fylkesmannen presenterte i dag.

Han er skuffa. Han er nøgd. Han er letta

Blanda reaksjonar i Sogn på det nye kommunekartet.

Leikanger: – Vi føler oss umyndiggjorte på Leikanger i dag, seier ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd.

Han har nettopp følgt pressekonferansen der fylkesmann Anne Karin Hamre la fram sitt forslag til eit nytt kommunekart i Sogn og Fjordane. Mot vilja til både politikarane og innbyggjarane i Leikanger kommune, føreslo ho at dei bør innlemmast i ein storkommune med Sogndal og Balestrand.

Ordføraren i Leikanger er kritisk til heile reforma, som han meiner nådde eit nytt botnpunkt i dag.

– Dei har prøvd med økonomisk tvang, dei har sett hundrevis av arbeidsplassar i spel. Og når vi uansett meiner den beste løysinga er å stå åleine, så veljer dei å forsøke å tvinge oss. Det er skuffande og det trur eg er eit dårleg utgangspunkt for å byggje ein ny kommune, seier Odd.

Les også: Her er forslaget til ny storkommune i Sogn​

NYTT KART: Slik kan Sogn og Fjordane bli sjåande ut frå 2020, med fire ny storkommunar markert i grønt. Illustrasjon: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
NYTT KART: Slik kan Sogn og Fjordane bli sjåande ut frå 2020, med fire ny storkommunar markert i grønt. Illustrasjon: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Meiner Sogn treng eit sterkare tyngdepunkt

Fylkesmann Anne Karin Hamre seier ho har lagt vekt på at samanslåingane helst skal vere frivillige. Men i tilfellet Sogn har dette måtta vike for regionale omsyn.

FIRE NYE STORKOMMUNAR: Fylkesmann Anne Karin Hamre la i dag fram sitt forslag til eit nytt kommunekart i Sogn og Fjordane.
FIRE NYE STORKOMMUNAR: Fylkesmann Anne Karin Hamre la i dag fram sitt forslag til eit nytt kommunekart i Sogn og Fjordane.

– Leikanger og Balestrand har utfordringar med økonomien og det påverkar evna til å gje gode tenester. I tillegg syner rapporten frå Vestlandsforsking heilt tydeleg at det er behov for eit sterkare tyngdepunkt i Sogn. For me har ikkje hatt ei spesiell god utvikling, verken når det gjeld arbeidsplassar eller folketal, seier ho.

Hamre understrekar at dette er ei tilråding basert på faglege vurderingar. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet, med minister Jan Tore Sanner i spissen, som avgjer. Men ho trur råda dei kjem med vil bli lytta til. 

– Eg trur nok at departementet kjem til å leggje mykje vekt på det Fylkesmennene tilrår. For det er Fylkesmennene som har vore tett på prosessane og som kjenner fylket, seier ho.

Letta ordførar i Luster

I sterk kontrast til skuffelsen lenger ute i fjorden var det ein letta lusterordførar som snakka med pressa etter pressekonferansen. Fylkesmannen gjekk ikkje lenger enn å oppmode sterkt om at kraftkommunen slår seg saman med dei tre naboane vest for seg. Men ho vil ikkje at det skal brukast tvang.

– Eg er godt fornøgd med at fylkesmannen respekterer den politiske viljen i Luster. Slik sett er det ein bra dag for oss, seier ordførar Ivar Kvalen.

Han har ikkje noko i mot å få ein ny storkommune som nabo, men innrømmer at det òg blir litt vemodig.

– Du skal kanskje ikkje dra for mykje kjensler inn i dette her, men det er jo tre historisk sterke kommunar som er viska vekk av kartet og skal skipast på nytt. Det er positive sider ved det, men det er no litt rart òg, seier han.

Sogndal fekk det som dei vil

Sogndal har heile vegen vore den kommunen i Sogn som har jobba hardast for samanslåingar. Slik sett var kartet fylkesmannen presenterte midt i blinken.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, forstår at kollegaen på Leikanger er skuffa. Men han meiner fylkesmannen berre har gjort jobben ho er sett til. 

– Det er no ein gong fylkesmannen sin forbaska jobb å gjere ei vurdering utifrå dei faglege kriteria. Så kan me lika det eller ikkje lika det. Viss me ønskjer å vere med å styrkje dei statlege arbeidsplassane på Leikanger, så trur eg at ein større kommune er vegen å gå. Men eg håpar at me sjølve kan vere med å bestemme vår eiga framtid og at det ikkje er andre som skal bestemme korleis kartet skal sjå ut, seier han.

Til toppen