SKUFFA OG OVERRASKA: At fylkesmannsembetet på Leikanger beheld arbeidsplassane, var som venta. Difor er ordførar Jon Håkon Odd (Ap) skuffa og overraska over at regjeringa framleis ikkje har bestemt kor hovudkontoret skal liggja. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SKUFFA OG OVERRASKA: At fylkesmannsembetet på Leikanger beheld arbeidsplassane, var som venta. Difor er ordførar Jon Håkon Odd (Ap) skuffa og overraska over at regjeringa framleis ikkje har bestemt kor hovudkontoret skal liggja. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Han er skuffa over at regjeringa ikkje har bestemt lokalisering

Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap) seier han er overraska over at regjeringa ikkje har fulgt opp lovnadene. 

Fredag vart det i statsråd avgjort at Hordaland og Sogn og Fjordane får felles fylkesmann med delt lokalisering mellom dei to fylka.

I pressemeldinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet vert det understreka at Sogn og Fjordane ikkje kom til å miste arbeidsplassar slik ein frykta. 

– I utgangspunktet er det bra at me har fått sikra arbeidsplassane, men det var forventa. Alternativet med at dei forsvann hadde vore frykteleg, men det får vere grenser for kor langt ein skal strekke seg i sentraliseringa, seier Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap). 

Skuffa og overraska

«Gleda» stoppar der. For ordføraren er ikkje spesielt imponert over at regjeringa ikkje har klart å bestemme seg for om hovudsetet skal liggje på Leikanger eller Bergen. Samanslåinga av embeta kjem som resultat av samanslåinga av fylka, og i avtalen der heiter det at fylkesmannsembetet skal liggje i Sogn og Fjordane.

– Eg må seie at eg er skuffa over at me ikkje har fått endeleg avklaring i lokaliseringsspørsmålet. At embetet skal liggje på Leikanger har vore eit premiss i avtalen, og det forventar eg blir fulgt opp, seier Odd.

– Eg er overraska over at regjeringa ikkje har vist at dei følgjer opp lovnadene om å satse på Leikanger som administrasjonsstad. Det forventar eg at dei gjer når avgjerda skal takast. Det er også i tråd med grunngjervinga for å tvangssamanslå Leikanger, Sogndal og Balestrand, legg han til. 

Porten.no har førebels ikkje lykkast med å få nokon i departementet til å kommentere kvifor ein har venta med å avgjere kor hovudkontoret. I ein e-post til Porten.no skriv departementet at «dei ikkje har meir å seie om lokaliseringa på dette punktet no».

Lang erfaring med samarbeid

Heller ikkje i pressemeldinga ligg det ei forklaring på det, men skal ein tru fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, er dei iallfall innstilt på eit samarbeid.

– Me er nøgde med at departementet har landa på ei løysing med delt lokalisering i Sogn og Fjordane og Hordaland. Dette sikrar nærleiken til innbyggjarar, kommunar og næringsliv, seier Hamre i ei pressemelding.

– I Sogn og Fjordane har me lang erfaring med delt lokalisering, etter at landbrukskontoret i Førde vart ei avdeling under Fylkesmannen i 1994. Me har utvikla god kompetanse på samarbeid gjennom digitale løysingar. Dette blir avgjerande i eit nytt og større embete, med lokalisering på fleire stader.

– Me har allereie starta samtalane med embetsleiinga hjå Fylkesmannen i Hordaland om korleis me best kan samarbeide ved bruk av digitale løysingar, seier fylkesmannen.

Ein rapport frå 2016 konkluderte med at opp mot 570 arbeidsplassar står i fare i Leikanger, Sogndal og Luster dersom offentlege oppgåver blir flytt ut av Sogn og Fjordane. Fleire har peika på at nettopp fylkesmannen held «korthuset» oppe: ryk fylkesmannen, kan resten av dei statlege arbeidsplassane gå med i dragsuget.

Til toppen