SKUFFA: Berre tre bedrifter har sagt at ja til å delta med sal under årets Fjord til fjell. Det skuffar leiaren i Årdalstangen Idrettslag, Roy André Bergerud. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKUFFA: Berre tre bedrifter har sagt at ja til å delta med sal under årets Fjord til fjell. Det skuffar leiaren i Årdalstangen Idrettslag, Roy André Bergerud. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han er skuffa over handelsstanden i Årdal – inviterer til infokveld

Berre tre bedrifter har sagt at ja til å delta med sal under årets Fjord til fjell. Det skuffar leiaren i Årdalstangen Idrettslag, som no kallar inn til informasjonsmøte med handelsstanden komande torsdag.

Årdal: I februar gjekk leiaren ut i Porten.no og ønskte bidragsytarar til årets arrangement velkomne, men litt over to månader seinare er det berre éi bedrift som har takka ja til å delta med sal denne helga.

– ÅTIL er skuffa over handelsstanden i Årdal, som er så og seie fråverande under arrangementet i år, seier Roy André Bergerud til Porten.no.

– Me har tatt kontakt via e-post og media, der me inviterer dei til å vere med og bidra. Tilbakemeldingane er nesten fråverande. Årdal Mote, Tangen Sport og Lenes Velvære er dei einaste frå handelsstanden i Årdal som deltek med sal. Der stoppar det.

– Ein fin sjanse for næringslivet

Fjord til fjell er eit årleg arrangement som foregår på Årdalstangen. I år er festivalen lagt til første helga i juni. Denne helga er det vanleg med tivoli og boder, der lag, organisasjonar og næringslivet kan syna seg fram og selje produkt.

Det er Årdalstangen IL som arrangerer det heile på dugnad, og arrangementet er ei viktig inntektskjelde for idrettslaget.

– Fjord til fjell må då vere ein glimrande event for bygda, der me alle er med og bidreg for å gjere festivalen både morosam, men òg variert i omgang. Me i ÅTIL kan ikkje skjønna at dette arrangementet ikkje skal vera med på å bidra til ei auka forteneste og samhald for handelsstanden og innbyggjarane i Årdal, seier Bergerud.

– Bygda for treng alt som kan føre til ei positiv profilering. Dette er eit glimrande høve dersom mange bedrifter støttar opp og bidreg.

Informasjonskveld

På grunn av den manglande interessa vert det no kalla inn til informasjonskveld komande torsdag på Klingenberg, der det blir informasjon om kva som skal skje under årets festival.

– Me håpar at handelsstanden og næringslivet elles ser dette arrangementet som ein god sjanse til å profilere seg sjølv og bygda slik at me i fellesskap kan få til noko som kan skape positiv blest om samfunnet i Årdal. 

– Eit slikt møte kan til og med ende med at gode innspel kjem fram og blir realist, seier Bergerud.

Til toppen