SPENT: Dagleg leiar i Handelsbygg, som ønskjer å etablere eit forretningsbygg i Hydroparken, er spent før folkemøtet onsdag kveld. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SPENT: Dagleg leiar i Handelsbygg, som ønskjer å etablere eit forretningsbygg i Hydroparken, er spent før folkemøtet onsdag kveld. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Han er spent før folkemøtet

Onsdag skal innbyggjarane i Årdal få seie sitt om Hydroparken.

Årdal: Tore Johan Arntzen, dagleg leiar i Handelsbygg, kjem til å vere til stades på møtet som føregår i kulturhuset i Øvre Årdal onsdag kveld. 

Handelsbygg har søkt kommunen om å få setja opp eit forretningsbygg i Hydroparken. Dette bygget skal innehalde Europris og ein til to butikkar til. 

– Eg er spent. Me ser fram til folkemøtet. Eg trur det er greitt å gi informasjon om kva me tenkjer og korleis me jobbar. I ein reguleringsprosess er dette første gongen me opplever eit folkemøte knytt til regulering, seier Arntzen.

Skal syne teikningar

Heilt sidan planane først vart kjende i desember 2014 har debatten gått blant innbyggjarane og dei folkevalde. Medan nokre meiner ein ikkje kan seia nei til mellom 15 og 20 tilsette og eit butikktilbod som vil bidra til å tette handelslekkasje, er andre klare på at dette er eit grøntområde som må forbli, eller at ein burde finna ein meir eigna plass å setja opp bygget.

Artikkelen held fram under biletet.

PLASS: Det har vore snakk om at Hydro vil nytta delar av Hydroparken til å plassera ein hall, noko Handelsbygg har tatt høgde for i sin reguleringsplan som vart sendt på høyring i mars. Feltet som heiter BI bil bli regulert til industri.
PLASS: Det har vore snakk om at Hydro vil nytta delar av Hydroparken til å plassera ein hall, noko Handelsbygg har tatt høgde for i sin reguleringsplan som vart sendt på høyring i mars. Feltet som heiter BI bil bli regulert til industri.

– Eg har lyst til å visa ein del teikningar og 3D-skisser som syner korleis me ser føre oss å løyse dette. Då får innbyggjarane og dei som bur der sjå korleis dette ser ut. 

– Me veit det har vore eit tema at me ikkje har vurdert alternativ plassering og tomme bygg, men me har gjennom 8-9 år vurdert mange alternativ i Årdal, så me kjem til å ta ein gjennomgang på det, seier Arntzen.

Plass til Hydro

Han vektlegg også at investeringane som vert gjort vil koma det lokale næringslivet til gode. 

– Og så tar me vare på ein trekant som Hydro kjem til å ha forkjøpsrett på. Den vil framleis vera grøn, så det vil framleis vera vollar og moglegheit til å utfolde seg. 

Det har blitt uttrykt noko uro for Hydro sine planar om utviding. Dersom det skal setjast opp ein ny hall, må dei ha ein del av området. Dette er det lagt opp til i reguleringsplanen.

Politiske avtalar

Eit anna aspekt av saka er dei politiske avtalane som er gjort mellom Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet. Sistnemnte gav etter på diverse krav, som at friområde i kommunen skulle bevarast, mot at dei fekk behalde ordføraren og ikkje minst fleirtalet. 

Artikkelen held fram under biletet.

SVIKTA: Då Arbeidarpartiet sa ja til å leggja planen ut for høyring, uttalte Sandra Opheim (MDG) at ho kjende seg svikta av Ap. Arkiv
SVIKTA: Då Arbeidarpartiet sa ja til å leggja planen ut for høyring, uttalte Sandra Opheim (MDG) at ho kjende seg svikta av Ap. Arkiv

– Eg fekk vita i går kveld at Ap kom til å stemme for at saka vart lagt ut på høyring. MDG vart mildt sagt overraska over det då me i forhandlingane avtalte med Ap at det ikkje skal byggjast næringsbygg i Hydroparken, sa Sandra Opheim til Porten.no etter formannskapsmøtet 8. mars då planen vart vedteken lagt ut.

– I avtalen vår står det at me ikkje skal byggja ned friområde. Dette med næringsbygg og Hydroparken står det ingenting om i avtalen, svarte ordførar Arild Ingar Lægreid. 

Hydroparken er per definisjon ikkje eit friområde, men eit grøntområde på industriområde. Parken er også eigd av Hydro, som har sagt at dei ønskjer å selja området. 

Står klart neste haust viss dei får ja

Saka skal no liggja ute på høyring fram til 15. mai. Deretter ventar eit politisk vedtak. Blir utfallet positivt for Handelsbygg sin del, blir det truleg byggjestart våren 2017.

– Eg er ikkje så glad i å byggja om vinteren, så det blir truleg byggjestart våren neste år. Då vil bygget stå klart hausten same år.

Forutan Europris, vert det jobba med ein annan butikk til innan proffmarknaden, men her er ingenting signert.

Til toppen