HISTORISK: Kjetil Wæhler skåra mot Sarpborg i kveld og vart med det tidenes eldste målskårar i eliteserien. Utan at det hjalp på humøret då to viktige poeng glapp i sluttminutta. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Han er tidenes eldste målskårar i eliteserien, men likevel berre forbanna

– Eg greier ikkje glede meg over mål i dag, seier Kjetil Wæhler (41).

Sogndal-Sarpsborg 08: 3-3

Med utlikninga i det 21. minutt vart Kjetil Wæhler historisk. Frå før var han tidenes eldste eliteseriespelar, no er han med sine 41 år, sju månader og sju dagar òg den eldste målskåraren. Frode Johnsen var «berre» 41 år, èin månad og tre dagar då han sette den førre rekorden i 2015.

– Eg tenkjer særs lite på det no, eg er mest skuffa over at vi ikkje greier å ta tre poeng. Eg greier ikkje glede meg over mål i dag, seier Wæhler, då han hastar forbi intervjusona for å rekke eit fly etter kampen.

– Dårleg klarering av meg

Trenar Eirik Bakke blir ikkje overraska når han får høyre kor lite rekorden betyr for stopparkjempa.

–  Det seier litt om korleis han er. Han er ein vinnartype, ein fantastisk forsvarsspelar og eit førebilete for dei andre. Han blir viktig for oss på slutten og når me får oss ein på trynet slik som i dag, seier Bakke.  

To tapte poeng betyr at berre målforskjellen skil Sogndal frå Tromsø på kvalikplass. Kjetil Wæhler irriterer seg over måten baklengsmåla kom på.

– Vi slepp inn mål vi normalt ikkje slepp inn og det er berre skuffande. To dødballmål og ei dårleg klarering frå meg, så blir det flipperspel og 3-3. Vi har dette i vår hule hand når vi går ut til andre omgang, seier han.

Har tru på at dei held plassen

No ventar bortekamp mot Strømsgodset, heimekamp mot botnkollega Tromsø og bortekamp mot Stabæk, før det heile skal avgjerast på Fosshaugane mot formsterke Vålerenga. I kveld slo dei fortapte Viking ikkje mindre enn 7-1 på bortebane.

At dei trass alt tvang sølvjagande Sarpsborg i kneståande gjer at Wæhler ser lyst på serieinnspurten.

– Vi viser at det bur mykje i det laget her når vi kjem under 0-1, men likevel greier å snu det. Det er mykje bra kjemping og masse gode fotballspelarar i det laget her. Så viss vi krigar på same måte neste helg, så skal det bli poeng der òg, seier Wæhler.

Til toppen