Indre Sogn: – Det er for å få ei lokal forankring mellom kommunane og det offentlege. Kommunane kjem til å få mange oppgåver i samband med sjukdommen, både i høve hjorteforvalting, men ikkje minst beitenæringa, seier Nesse.
Han starta i jobben heilt siste dagane av mars og har i utgangspunktet eit tre månaders engasjement.
– Første oppgåva som hastar mest blir å få til sperregjerde på Hemsedalsfjellet for å halda tam og vill rein skilde. Så det gjeld å få med grunneigarane og finna ein trasè ein kan einast om. Målet må vera å få sett opp gjerdet til sommaren.
Nesse har kontor på rådhuset i Lærdal, men fungerer som koordinator for alle nordfjellakommunane.
– I utgangspunktet varar engasjementet ut juni, så får me sjå an behovet. Men det første eg opplevde då eg kom på kontoret i denne jobben var at eg fekk ein e-post frå ein som takka for at det no fanst ein å forhalda seg til.