TIL EM: Sogndalsspelaren Johan Hove har fått vist seg fleire gonger i landslagsdrakta, og skal no til G17-EM i Kroatia i mai. Foto: Thomas Brekke Sæteren.
TIL EM: Sogndalsspelaren Johan Hove har fått vist seg fleire gonger i landslagsdrakta, og skal no til G17-EM i Kroatia i mai. Foto: Thomas Brekke Sæteren.

Han er utteken i EM-troppen

Sogndalsspelaren Johan Hove blir med til Kroatia når G17-EM blir arrangert i mai.

Sogndal: Johan Hove er ein av spelarane G17-trenar Erland Johnsen har funne plass til i troppen når EM 2017 blir arrangert i Kroatia  3.-19. mai, melder fotball.no.

Hove scora eitt av måla i ein av dei siste kvallikkampane mot Russland, ei kvalifisering der Noreg gjorde det godt nok til at dei kom til EM for første gong noko sinne for denne aldersgruppa.

Les også: Johan Hove skåra mot Russland

16 nasjonar er kvalifiserte; slik spelar Noreg sine kampar i gruppespelet:

4. mai Norge - England  kl 14:00, Stadium V. Gorica       
7. mai Nederland - Norge kl 17:45, Stadium V. Gorica 
10. mai Ukraina - Norge kl 16:00, Stadium Sevsete

Fleire av kampane blir vist på Eurosport, mellom anna Noreg sin opningskamp mot England.

Til toppen