TALENT: Sivert Mannsverk skal på landsdelsamling for U14 i Trondheim 2.-4.desember. Arkivfoto
TALENT: Sivert Mannsverk skal på landsdelsamling for U14 i Trondheim 2.-4.desember. Arkivfoto

Han er utteken til landsdelsamling

To spelarar frå Sogndal Fotball er tekne ut til til landsdelsamling for U14 og U15 i Trondheim først i desember.

Sogndal: Medan Sivert Mannsverk frå Årdal, som spelar på Sogndal Fotball, er utteken til U14, er Eivind Helgesen utteken til U15.

«Landsdelssamling er ein del av NFF sin landslagsskule. Intensjonen er å kartlegge og skulere opp landslagaktuelle spelarar. Målet er at spelaren etter endt samling kjem heim til klubben med meir motivasjon og inspirasjon til vidare utvikling», skriv NFF Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Ingrid Lovise Jåstad frå Hafslo IL er dessutan utteken til landsdelsamlinga for U14, jenter. Totalt er ti spelarar i dei to aldersklassane tekne ut til samlinga

Til toppen