LANDSLAGSVERTEN: Også i sommar har Ove Fortun og Sognefjellet Sommarskisenter tatt imot skistjerner og -trimmarar frå heile verda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LANDSLAGSVERTEN: Også i sommar har Ove Fortun og Sognefjellet Sommarskisenter tatt imot skistjerner og -trimmarar frå heile verda. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes.)

Han er vert for skistjerner frå heile verda

I fleire år har dei norske skistjernene hatt treningsleir på Sognefjellet. Det har dei utanlandske konkurrentane fått med seg. Verten for dei alle er Ove Fortun. 

Sognefjellshytta: Fortun driv Sognefjellet Sommarskisenter, som dei siste åra har merka ein større og større pågang av skigåarar som ikkje heilt vil gi slepp på skisesongen.

– Det har vel aldri vore meir populært enn det er no, seier Fortun, som har styrt skuta dei siste seks åra. 

– Kvifor det, trur du?

– Det går vel kanskje på kva landslaget gjer og korleis dei trenar. Me brukar nesten ikkje ei krona på marknadsføring. Dessutan er jo friluftsliv blitt meir og meir populært.

Skistjernene kjem att

I førre veke var det fylt opp med folk på Sognefjellshytta, der ein møtte alt frå ungdommar på skiskule til Therese Johaug og Martin Johnsrud Sundby. 

– Landslaget har kome tilbake etter å ha vore fjorten dagar vekke. Dette er andre året at dei kjem tilbake. I tillegg er det tyske landslaget her, men dei bur på Turtagrø.

Også dei svenske, italienske, sveitsiske og austerrikske skistjernene har gått på ski på Sognefjellet denne sommaren. Pågangen har rett og slett vore enorm.

– Eg ser jo potensiale i dette. Det var det kanskje ikkje alle som gjorde, men eg trur dette kan bli veldig bra eg, seier Fortun om framtidsutsiktene til sommarskisenteret.

Smekkfullt

Heilt sidan 16. mai har folk frå heile verda strøyma til Sognefjellet. Og det vil framleis vere smekkfullt fram til snøen tar eit siste farvel ein eller annan gong i juli.

– Me får gode tilbakemeldingar frå gjestene våre. Me jobbar masse med løypene slik at dei skal halde høg kvalitet. Det er kanskje det som gjer at dei beste kjem tilbake og vil trene her – at me driv seriøst. Me har mellom anna laga ein autentisk sving slik han vil sjå ut i OL i Pyeongchang neste år, forklarar han. 

– Det var Skiforbundet som kom med forslaget. Dei sendte over GPS-koordinatorar, og så greidde me å få det til. Det verkar som dei er nøgde med det.

Men sjølv om det naturleg nok er skistjernene som ofte stel merksemda, er Fortun klar på at sommarskisenteret skal vera for alle, og han ønskjer seg gjerne fleire trimmarar. 

Til toppen