NØGD: Etter å ha delteke i Fjellsporfestivalen fleire gonger, gjekk Lars-Tore Lesteberg til topps i herreklassen i kinesisk utfor. For kvinner vann telemarkkøyraren Sarah Fiskaa Haugen frå Luster.
NØGD: Etter å ha delteke i Fjellsporfestivalen fleire gonger, gjekk Lars-Tore Lesteberg til topps i herreklassen i kinesisk utfor. For kvinner vann telemarkkøyraren Sarah Fiskaa Haugen frå Luster. (Foto: Erling Grøstad)

Kom til Sogndal frå Numedal for ni år sidan for å stå på ski. Sigra i den kinesiske festival-utforen

I kinesisk utfor set 30 personar eller so utfor fjellet på likt. Den som fyrst har køyrt fjellet ned og kome i mål, den er vinnaren. 

Sogndal: – Det gjeld å bruka hovudet og ikkje ta for store sjansar. Men ein kan ikkje spara seg for mykje. Når alle startar på likt på toppen, so er det eit konkurranseinstinkt som slår hardt inn. Det er det som er so fascinerande og artig, seier Lars-Tore Lesteberg.

BREIE SKI: Når ein skal stå gjennom vindskavlar, laussnø, opptrakka snø og gamal morken snø som har lege og smelta i sola, er det godt å ha breie ski som kan fara over det meste. Foto: Erling Grøstad. Foto: Erling Grøstad

På toppen av det over 1200 meter høge Kambafjellet i Sogndal stod 28 mann, klare til å kappast heilt ned til botnen av skisenteret i Rindabotn.

Lesteberg, opphavleg frå Nore i Numedal, vann herreklassen i kinesisk utfor i fjellsportfestivalen i Sogndal denne laurdagen.

– Vert du stundom redd for å slå deg i dei brattaste fjellpartia i denne sporten?

– Nei, eg vert ikkje det. Og den vanskelegaste delen i dag var faktisk dei litt flatare partia oppå fjellet. Der var det flatt lys og fleire vindskavlar som me køyrde inn i med stor fart. Somme datt og slo seg rimeleg hardt der, seier Lesteberg. 

Nokre av deltakarane vart so og seia kasta ut av skavlane som låg på tvers i løypa, og fall. 

– Det vart nokre flygeturar der. Eg òg tok støyten, men heldt meg heldigvis på beina, seier Lesteberg. 

Kapplaupet er som ei reise gjennom forskjellige geografiske parti

I kinesisk utfor køyrer ein ned fjellet akkurat der ein vil, bortsett frå at ein to gonger lyt innom ein bom på vegen ned mot mål. 

ELITE-TELEMARKKØYRAR VANN HJÅ KVINNENE:  Sarah Fiskaa Haugen frå Luster vann kvinneklassen. Dette seier ho om kapplaupet: «Da va utrule kjekt! Digga å konkurrera på denna måten. Gjere at ein bli ekstra ivrig. Va tyngre enn eg forventa, tenkte at da ikkje va so langt, men syra kom. Men kort oppsummert: elska konseptet», skriv Haugen til Porten.no. Foto: Hanne Selle Ulvang Foto: Hanne Selle Ulvang

Det gjeld å halda «fallina», forklarar Lesteberg, det vil seia å finna den raskaste vegen ned. Etter at utforkøyrarane hadde rent nedetter snaufjellet ei stund, bar det inn i ein skog med mykje utfordrande terreng. Her miste han etter kvart dei fleste av konkurrentane av syne. 

Då han til sist kom ut av skogen og såg ned mot botnen av løypa, vart han var at han ikkje var fyrstemann mot mål. 

– Det var gøy å kjenne at eg hadde betre glid enn han framom meg. Då forstod eg at det var håp om å koma fyrst i mål, seier Lesteberg. 

Før løpet hadde Lesteberg lagt ein del arbeid i å få skia til å ha best mogleg glid, og det betalte seg. Han smatt forbi leiaren av konkurransen rett før mållina, og tykte det var herleg. 

– Eg har vore med nokre gonger før og vore nære på å vinna, so det var godt å endeleg få stang inn i dag. 

Han var heilt utsliten når han kom ned, for det tok på låra å kappkøyra ned eit over tusen meter høgt fjell. Og då smaka det ekstra godt å vinna. 

HØGT OPPE: Dette biletet er frå eit av toppartia til Kambafjellet, lenge før ein kjem ned til tregrensa og det meir kompliserte terrenget. Foto: Tom Wergeland.  Foto: Tom Wergeland
Til toppen